1.divisjon – D1 til topps på tabellen

20/10/2019

NTNUI 2 – Viking 2 3-1 (25-19, 20-25, 25-23, 25-15)

 

Laurdag spelte D1 sin første heimekamp for sesongen i 1.divisjon. Den gode trenden frå serieopninga mot ØKSIL heldt fram med siger 3-1 heime mot Viking. Det var ein artig volleyballkamp, der NTNUI heile vegen var eit lite hakk betre, og gjorde litt mindre feil. Dermed enda det med tre poeng, ein fortent heimesiger og også førsteplass på tabellen!

Førsteplassen vil nok ryke når ein etter kvart skal møte dei sterkaste laga i 1.divisjon, men den gode starten på sesongen har gitt både poeng, flyt og sjølvtillit som ein kan ta med seg vidare. Neste kamp er søndag 3.november, også den heime. Motstandar er da eit anna studentlag, nemleg BSI. Det kan bli ein spanande og artig kamp på Dragvoll!

I går vart Marte Lauvås toppscorar for NTNUI med 13 poeng. Hanna Nordal tok også 10 poeng på midtplass, derav fire serveess. Men jamt over såg det ut til at laget tok poeng i fleire ulike angrepsposisjonar, noko som er eit godt teikn for framhaldet av sesongen. Elles var dette Rina Wangen-Riise og Helene Thorvik sin første kamp for NTNUI, medan Anita Hjelleset spelte sin første kamp i 1.divisjon

 

Det var også herrekamp mellom andrelaga til NTNUI og Viking. Den var litt motsatt, der var det bortelaget som var sterkast kampen gjennom, så det enda 1-3. Etter å ha vunne førstesett 29-27, vart det klarare settap med 18-25, 21-25 og 12-25 i dei tre neste setta. Det nyopprykka herrelaget har som mål å ende topp fem i 1.divisjon, og har sine neste sjansar til poeng neste helg. Då blir det bortekampar mot Vestli og Asker på Austlandet.

I går var det ikkje uventa diagonalspelar Haakon Haugerud som tok flest poeng, med sine 17. Fredrik Opdal var kaptein for høvet, og gjorde ein god mottakskamp. På Viking drog ein mellom anna kjensel på Kim Holmen, som spelte Mizunoligaen for NTNUI i 2017/18, og var med på laget som rykka opp til Mizunoligaen i fjor. Han spelte i går kant for Viking gjennom store delar av kampen,

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.