REISEBREV – NTNUI D1 i Myre

13/10/2019

Kva har brennmanetar, fjellpartiet Mannen og Kristin Lavransdatter til felles? Lite, før dei alle vert nevnt i dette reisebrevet frå D1. Dei har vore i Vesterålen og spelt. Nær sagt som vanleg følgjer ei lærerik og inspirerande reiseskildring, nesten blotta for ironi.

Så var vi her igjen da. Du trudde kanskje du var kvitt meg og reisebreva mine. Håpa det gjorde du nok og. Men neida. Eg klarte ikkje vente lenger enn til første serierunde. Så var eg tilbake på tur med D1. Igjen.

Hovudtrenar Elias var oppteken med å spele kamp mot Tromsø. Assistenttrenar Sven prioriterte deltaking i den største norske studentvolleyballturneringa for studentar og ikkje-studentar. Så da var gode råd like dyre som flybillettane til Evenes flyplass. Heldigvis låg løysinga rett framfor augo på laget. Ein ledig Vegard kunne ein sikkert spørje, han har ikkje vit nok til å seie nei heller. Dessutan er det jo ikkje så langt til Myre i Vesterålen. Så eg sa ja. For det er jo ikkje slik at det er mykje å gjere på skulen for tida heller.

Det vart fort tydeleg at fungerande reiseansvarleg Marte ikkje hadde lagt inn like god tryggleiksmargin som Veslemøy gjorde i fjor. 50 minutt før avgang var vi ein kant, ein diagonal og ein trenar på flyplassen. Det kan høyrast ut som starten på ein dårleg vits, men er i grunn ikkje meir enn eit ufulltallig volleyballag.

Heldigvis kom dei fleste etter kvart. Sidan eg slutta som trenar, har eg blitt eit tolerant og fordomsfritt menneske. Eg har slutta å sette midtspelarar i bås, og fått trua på at også dei kan vere presise og strukturerte. For ikkje å rokke ved denne trua, vel eg å ikkje nemne kva to spelarar som kom aller sist. Eller kva posisjon Hanna spelar, ettersom hennar seine ankomst til flyplassen gjorde at eg måtte bruke ein kombinasjon av smisk og grøn-jakke-etos til å overtale flypersonellet til å vente i fem minutt. Takk til Norwegian for det.

Norwegian bør også takkast for forseinkinga vi opplevde i Oslo. Boardinga hadde kome godt i gang, og gjekk ganske effektivt. Men da dei ti grøne jakkene hadde kome framst i køa, var det full panikkstemning blant bakkemannskapet. Kanskje fekk jakkefargen og vår unge alder dei til å tru vi var ei gruppering hardbarka flysabotørar frå Grøn Ungdom? I alle fall erklærte dei flyet for utrygt, og fekk etter litt om og men stabla på beina eit nytt fly. Det fungerte overraskande bra, og både fly, mannskap og grønjakker kom trygt fram til Evenes fredag kveld.

Derfra gjekk turen til Toftenes sjøhuscamping. Eg har i grunn ikkje så mykje å seie om campingen, for den var bra. Det var koseleg, og med fin natur. På ein estetisk skala frå Lillestrøm til Sunnmørsalpane var det nærmare det siste. Billeg var det også, og hurra for det!

Laurdagen kom, og med den spørsmålet: Korleis slår ein i hel fem timar i Myre? Det ryktast at dette spørsmålet er inne på exphil-pensum etter raseringa, unnskyld, revideringa, av faget. Men vi ante råd. Vi har tross alt slått i hel tid på landets største busstopp, Lillestrøm, før. Myre sentrum er i grunn litt som Lillestrøm, berre med fin natur. Og så var det mykje hyggelege folk da. Vi fekk oppleve barnekor på butikken, god promotering av kampen og generell fin stemning. Det er ofte kjekt å spele kampar på slike små stader, for der kjem det folk på kamp og det er meir liv rundt kampane.

Tilskodartalet var litt lågare enn venta, truleg rett under 100. Men likevel var det greitt med lyd i hallen, også godt hjelpt av ein ivrig NTNUI-benk. Det er tydeleg at heiaropa på laget har utvikla seg sidan fjoråret. Det skal seiast at fjorårets heiarop var det mest keisame eg har sett sidan ein femti år gamal versjon av «Kristin Lavransdatter» på ungdomsskulen. Årets er ikkje det. For i år er det lyd. Mykje lyd. Hadde vi hatt ein biolog på laget, ville ho nok stilt spørsmål ved om evolusjonen har snudd. For her er det mykje skrik, urinstinkt og usivilisert lydmølje. Og det verste er at eg synest det er bra. Kanskje eg er i ferd med å bli mjuk på mine dagar som trenarpensjonist.

Mangelen på biologar på laget gjorde også at vi måtte ty til Google for å få svaret på helgas største spørsmål. Kor reiser brennmaneter om vinteren? Fleire hypotesar vart lagt fram, før verdsveven ga oss den brutale sanninga. Dei reiser ingen stad. For dei døyr. Kvar vinter. Så veit du det. Ingen skal beskylde NTNUI Volleyball sine reisebrev for ikkje å vere lærerike i alle fall.

Men det var kampen ja. Det var jo difor vi var i Myre. Så da kunne vi like gjerne spele fem sett. Og når ein først skal spele fem sett, så bør ein jo vinne. Det er artigast det. Så da var det det vi gjorde. Etter å ha kome under 0-2 etter litt ustabilt mottaksspel fekk vi nullstilt og slo hardt tilbake. Etter to timar og åtte minutt var sigeren vår. Og dermed også førsteplassen på tabellen, sidan dette var årets første kamp (Den reknar eg med du tar vare på, Elias! No som eg har gjort grovarbeidet, meiner eg.).

Så kva no? Mat. Mykje mat. Det viste seg at restaurantutvalet i Myre var noko beskjedent. Kven skulle trudd. Men Hanna, som har vore ei ute ei kald vinternatt i Nord-Noreg før, visste råd. Det finst ein pizzastad, slo ho fast. Dit bør vi. Og ho hadde rett. Dit burde vi. God pizza, mykje brus og rimelege kostnadar. Det var berre eit problem. Kor var alle folka? Alle kundane? Utanom eigaren såg vi ikkje eit einaste menneske på vår ferd gjennom sentrum ein sein laurdagskveld. Noko den jamne trondheimsstudent kan skrive under på at er uvant. Det er altså ikkje utenkeleg at vårt besøk kan ha dobla den årlege omsetninga til den lokale pizzarestuaranten. Berre hyggeleg. Maten var god.

Det er mogleg Astrid og Gina åt litt for mykje. For då vi kom tilbake til campinga, fekk dei følgjande innfall: – No bør vi bade. I sjøen. Eg er ikkje meterolog. Eller klimaforskar. Eller glad i å bade nord for polarsirkelen i oktober. Men dette veit eg: Det er ikkje spesielt varmt i sjøen der. Dei bade»glade» såg omtrent like komfortable ut som nokon som har fått ein smash i hovudet frå kort hold. Og då dei kom opp, rista dei opp og ned med ein slik frekvens og kraft at geologane som har overvaka fjellet Mannen for ei kort stund truleg fekk håp om at noko spanande var på ferde igjen. Men eg kan forsikre alle uroa lesarar om at begge lever. Heldigvis.

Som tidlegare nevnt er eg altså blitt mjuk på mine eldre dagar. Eg er jo faktisk blitt 22. Så no er det på tide å skryte litt. Eg synest vi var flinke i helga. Eg synest vi var gode saman, og gjorde mykje bra kvar for oss. Eg synest spelet såg roleg og trygt ut. Eg synest vi såg ut som eit 1.divisjonslag. Det lover godt for framhaldet. Det er ei spanande gruppe med akkurat den rette balansa mellom nytt og gamalt i år. Eg gler meg til å følgje laget frå tribuna på Fort Dragvoll, alleiere mot Viking neste helg.

Skryte vil eg også gjere av ØKSIL. Det var godt oppmøte og ein veldig engasjert speaker. Da er det mykje artigare å spele. Laget bidrog også til ein artig og spanande kamp, som var ganske bra. Og så vil eg skryte av dommarane. Gjennom 201 ballvekslingar gjer dei sjølvsagt to-tre feil. Det gjer vi alle. Men Kjetil og Jens Jakob er veldig flinke på å få til ein god dialog mellom laga og dommarane, med glimt i auget, men samstundes ingen tvil om kven som bestemmer. Det gjer det trivelegare å spele, og kampen til ei betre oppleving. Norsk volleyball treng fleire dommarar, og å sjå til Kjetil Larsen for tips om god kampleiing er ikkje det dummaste ein kan gjere!

For det dummaste ein kan gjere er å bade i Myre i oktober. Eller å tru at brennmanetar er trekkdyr. Eller eigentleg, å dra til Lillestrøm som turist. (Eller kanskje å leige denne bilen og forvente at oppgitt kostnad samsvarar med den faktiske.)

Midt oppe i all denne positiviteten vil eg også skryte av reiseansvarleg Marte, som organiserte ei god reise til ein vanskeleg tilgjengeleg destinasjon, på sin første bortekamp med NTNUI. Bra jobba! Det var kjekt å vere på tur også med årets D1. Litt fordi dei lar meg få lov til å skrive spydig, surt og sarkastisk. Men mest fordi dei er ein kjekk gjeng. Ei fin gruppe studentar i toppvolleyballen. Og det er like kult og artig i 2019 som det var i 2018.

Hu og hei!

ØKSIL – NTNUI 2 D1 2-3 (25-18, 25-21, 21-25, 14-25, 12-15)