Breiddelag i NTNUI Volleyball

28/07/2019

Denne sida gir informasjon om breiddelaga våre og påmelding til desse. Påmeldinga opnar ikkje før måndag 26.august. Informasjon om påmelding vil bli publisert både på nettstaden og på vår Facebook-side.

For å få plass på breiddelaga må du vere student ved NTNU og ha fylt 18 år.

Merk at breiddelaga er veldig populære og at det er få ledige plassar. Det er større sjanse for å få plass i klubben om ein møter på dei ordinære uttaka.

Breiddelaga trener ein gong i veka. Det vil vere same dag heile året, og omtrent same klokkeslett. Treningtidene er ikkje klare heilt enno, men dette vil verte publisert snart. Laga deltek ikkje i seriespel, og har dermed ingen kampar. Som breiddespelar er du likevel fullverdig medlem av klubben, og laga deltek på dei sosiale og sportslege fellesarrangementa internt i gruppa.

Det forventast av breiddespelarar at dei møtar på trening, unntatt ved spesielle høve. Det er lange ventelister, og nok av studentar som har lyst å vere med.

Følgjande obligatoriske kostnadar er knytt til å vere med på breiddelag:
Medlemskap i SiT Idrett (gir tilgang til hall og styrketrening): 1850,- for heile 2019/20
Lisens til Norges Volleyballforbund: 300,- kroner for heile 2019/20
Treningsavgift til NTNUI Volleyball: 300,- kroner for hausten 2019. Avgift for våren 2020 vert vedteke på årsmøtet i januar.

Alle spørsmål vedrørande uttak og breiddelag kan rettast til volleyball-nestleder@ntnui.no