D1 i Farsund – REISEBREV

10/04/2019

D1 2018/19 etter siste kamp. Vegard Buset, Anne-Line Berg Korneliussen, Ingrid Flåte, Mariell Ryssdal, Frida Julbø, Gina Riisland, Amalie Kaarud, Marte Buset, Gabriella Theophilus. Frida Sande, Veslemøy Engh, Jannike Korstad, Tora Føyen, Marita Hestnes, Anette Hornnæs. Ikkje til stades: Hege Rishovd, Vilde Hobøl, Karianne Østhus, Oda Skaug, Ivar Råheim.

 

Så var det det siste reisebrevet. Det er vanskeleg å vite kor ein skal byrje. Så eg tek slutten først. I går kveld landa D1 på Værnes for siste gang i år. Det forseinka, tronge og varme flyet si uvanleg mjuke landing på Værnes markerte slutten på ei reise som har vart i to år. Den byrja i august i fjor med store planer om opprykk til 1.divisjon. Når reisa no er slutt, er vi på papiret der vi var for to år sidan. Ikkje kvalifiserte for 1.divisjon. Men vi har teke så store steg elles. Vi har hatt mange flotte opplevingar på tur, på trening og elles. Vi har vorte utruleg mykje flinkare til å spele volleyball. Vi har teke steg, store steg. For å seie det på «matte 2-språket»: Resultatkurva vår er kanskje lukka, men spelet vårt har absolutt ikkje utvikla seg i eit konservativt vektorfelt!

Fredag

Allereie på Værnes fredag ettermiddag skjøna eg kva som kom til å vere hovudfokus utanfor bana denne helga. Hår. Med Anne-Line i spissen vart ein hårflettingsmaraton utan like satt i verk. Spelar etter spelar sto i kø for å gå inn i helga med nye, stramme fletter, medan dei som venta såg videoar om tørking av hår på Facebook.

Vi flaug til Stavanger i ikkje mindre enn tre puljer, men kom av gårde i rimeleg tid, og vendte nasen mot Borhaug utanfor Farsund. Her hadde vi leigd eit hus heilt nede ved sjøen. Om ein ser bort frå at det var urimeleg vanskeleg å opne vindauga, bør det konstaterast at dette huset var nær perfekt for oss og våre behov.

Laurdag

Vi reiste til hallen med store ambisjonar og det nokre vil kalle eit nytt «regime». Detaljerte instruksjonar om kosthald, luftepauser og det enkelte tolka som eit totalforbod mot å sjå andre kampar enn våre eigne, vart iverksatt. Nøkkelen til å gjere ei god rankingturnering ligg i detaljane, og vi skulle gjere alt i vår makt for å lukkast.

Første motstandar laurdag var BK Tromsø. Nordlendingane hadde i praksis rykka opp via mail dagen før, så det var von om å sjokkere dei med godt spel og vinnarvilje. Det skulle vise seg å verte for vanskeleg, som venta. Andre kamp, mot Gjesdal, enda langt betre. Om ein ser bort frå andresettet, der vi verka som vi konkurrerte i å serve lengst mogleg, hadde vi veldig god kontroll, og vann kampen 2-1. Det gnistra ikkje av spelet vårt denne kampen, men vi var meir enn solide nok, og på ranking er det ein ting som betyr noko: Å vinne.

Neste kamp mot topplaget Skjetten vart vår beste kamp i turneringa. Etter ein treig start på kampen, fekk vi verkeleg spelet til å sitte i andresettet. Det er heilt klart det beste eg har sett oss spele i år, og Skjetten presterte også betre enn dei gjorde i seriekampen på Dragvoll sist. Vi mista leiinga vår på 22-22, men ante råd. Frida Julbø vart bytta inn, med følgjande presise og taktisk innsiktsfulle råd frå meg: Slå ballen hardt i bakken der det er ledig. Heldigvis har Frida lang lab-erfaring, så å følgje ei oppskrift er ho god på. Med ein imponerande smash gjorde ho akkurat som bestilt, og vi leia igjen. På 25-24 til oss fekk kampens gode førstedommar med seg verdas minste blokktouch på Veslemøy, så settet levde enda. Men ikkje mykje lenger. Dei to neste poenga tok vi, og settet vart vårt. Diverre var Skjetten sterkast i tie-break med 15-10, og vi tapte, men vi spelte godt også i siste sett. Grunnen til at vi tapte, er rett og slett at Skjetten er betre enn oss. Og da er det greitt å tape.

Det (litt for hurtig konstruerte) kampoppsettet ga oss no ei lang pause, som vi, i tråd med det nye regimet, i all hovudsak tilbrakte utandørs. Sol, sjø, fin natur, gode temperaturar, Farsund gjorde verkeleg sitt beste for å smiske seg oppover på lista over beste reisemål gjennom sesongen. Marte og Amalie gjorde sitt for å løyse store og små verdsproblem gjennom konstruktiv diskusjon og låg terskel for å tenkje før ein snakkar.

Tilbake i hallen var situasjonen enkel før kampen mot Viking 2. Siger ville vere godt nok til å halde plassen, tap ville gi nedrykk til 2.divisjon. Men kampen gjekk ikkje dit vi ville. Viking var best frå start til slutt, og med unntak av ei lita periode i andresettet var det liten tvil om kor sigeren skulle gå. Vi tapte. Vi rykka ned. Vi hadde mislukkast.

Vi spelte heilt ok mot Viking. Det var vår svakaste kamp den dagen, men det var ikkje slik at eg tenkte undervegs at dette var det 2.divisjonsstandard over (Sett bort frå frisona og takhøgda da) . Både Viking og vi gjorde mykje rett, men dei var rett og slett betre enn oss. ¨

Når ein skal oppsummere kvifor det enda med nedrykk, finn ein svaret i følgjande korte setning: Vi var for dårlege i rankinga i Tromsø i oktober. Vi var ikkje gode nok i angrep til å hevde oss der, og rota oss ned i nedre sluttspel. Ein puljekamp mot TSI som vi absolutt burde klart å vinne kosta oss dyrt. Ikkje berre i form av verdifulle rankingpoeng, men også i form av seeding til denne turneringa. Tromsø og Skjetten på sitt beste har vore dei to beste laga i 1.divisjon, og det Vikinglaget vi møtte i helga var også for sterkt for oss. Vi falt for eige grep, og i år var det oss det urettferdige toavdelingsystemet i 1.divisjon gjekk utover. Eg skulle gjerne hatt sjansen til å spele kampar mot BSI og Gjesdal. Men den sjansen fekk vi aldri (før vi slo Gjesdal laurdag), og dermed enda vi bak begge desse laga på rankinga.

Søndag

Søndag morgon var det TSI på andre sida av nettet, for fjerde gong på under to månadar. Etter ein kamp heilt på det jamne dro vi sigeren i land med 19-17 i tie-break. Vi enda med det som nummer ni i 1.divisjon, og står dermed øvst på venteliste for å kunne behalde plassen dersom det vert problematisk å fylle 1.divisjon.

Dagen i hallen var imidlertid ikkje over, vi kunne framleis gjere nytte for oss. Første sjanse til dette kom då Mariell fekk ein hyggeleg forespørsel frå tidlegare lagvenninar i BK Tromsø. Dei ville gjerne lage ein kul instagramvideo av at ei flaske med boblande innhald vart opna, og henvendte seg til si kontakt ved Norges Teknisk-Naturvitskaplege Universitet for å sikre eit godt filmopptak. Det verkar jo som ein intuitiv og nokså klok tanke, men ein ting hadde dei gløymt å tenkje på. Ein kan seie mykje fint om medisinstudiet på St.Olav, men det å starte eit videoopptak er tydelegvis ikkje pensum i løpet av dei første to åra. Vi håper Tromsø har tatt lærdom av dette, og stiller med minimum to flasker og to kamerakvinner neste gong noko skal feirast. Det hadde også vore fint om dei hadde latt være å slå oss fem gongar i løpet av ein sesong.. Uansett gratulerer vi dei med eit fortent opprykk, som det beste laget i 1.divisjon!

Fortente opprykk vart det også på fleire. Etter å ha knust horna på hjelmane til nokre bergenske vikingar i semfinala, snudde H1 blikket mot finale mot OSI. Og for ein kamp det vart! Det er lenge sidan eg har sett ein herrekamp i 1.divisjon på dette nivået. Vi støtta og heia på H1 som best vi kunne, men kampen tapte dei diverre 1-2. Dermed måtte dei nøye seg med å vinne serien med 12 poeng. Ikkje all verdas grunn til å deppe altså. Legendar. Eg reknar med dei allereie gler seg til å spele i eliteserien, og at planlegginga startar så snart dei er tilbake frå Farsund. Kjenner eg reiseansvarleg Martin rett, kan det fort skje allereie tidleg i neste veke.

Tribunekampen mot OSI vil eg påstå at vi vann. Klapping og synging av (stort sett) høg kvalitet og høgt volum prega heile kampen. No håper eg OSI får på plass det dei treng for å stille lag der dei høyrer heime komande sesong. Og det er ikkje i 1.divisjon.

Heimturen vart ei lærerik oppleving for mange. Generøse og solidariske som vi er vil vi gjerne dele vår nye kunnskap med vår store lesarskare. Først: Skal du kjøpe mat frå Max Burger på Sola, må du gjere det før du går gjennom tryggleikskontrollen. Lærdom nummer to: Viss du kjøper mat på innsida av tryggleikskontrollen, har du ikkje eit studentbudsjett. Du har ein ekspansiv finanspolitikk. Og lærdom nummer tre: Ikkje la vere å kjøpe mat. Da vert du svolten. På veg heim fekk vi også eit intensivkurs i bensinfyllingskultur frå Åmli. Her ynskjer eg ikkje å gå i detaljar, rett og slett fordi ingen vil tru på meg likevel. Eg vil i staden nøye meg med å konstatere at å helle bensin på buksa til Frida Sande var det mest normale ved bensinfyllingsritualet vi fekk demonstrert.

Ventinga på flyplassen inneheldt sjølvsagt meir fletting av hår. Og venting på å få håret sitt fletta. Litt snurt er eg sjølvsagt over at ingen fletta mitt hår, men eg må vel tåle såpass. Flyturen heim gjekk relativt bra. Evig optimist som eg er, såg eg sjølvsagt store lyspunkt i at sidemannen sølte vatn på buksa mi. Jaja, det er i alle fall ikkje bensin, kunne eg smilande konstatere.

Det kan vere vakkert på Sørlandet. Nokre gongar nesten like vakkert som på Vestlandet.

Kvart over eitt natt til måndag låste eg opp døra heime og sette meg i sofaen. Rankinghelga var enno ikkje komplett, no måtte siste episode av Heimebane sjåast. Episodetittelen var nesten like fin som sjølve episoda, og summerte så fint opp kjernen av lagidrett: Du er ikkje åleine. Du trenar saman med nokon. Du arbeidar saman med nokon. Du vinn saman med nokon. Du taper saman med nokon. Du græt saman med nokon. Du reiser saman med nokon. Du rykker ned saman med nokon. Du jublar saman med nokon. Du er eit lag saman med nokon. Du er ikkje åleine.

Og det har vi verkeleg ikkje vore dei siste to åra. Vi har gjennom sesongen hatt eit treningsoppmøte som har vore ubegripeleg bra. Vi har teke steg og vorte betre saman. Vi har reist til mange spanande og fine norske stadar. Og Lillestrøm da. Vi har spelt godt og dårleg saman, rykka opp saman og rykka ned saman. Vi har fått lov å ha ein givande hobby saman utanfor studiet. Til hausten vil ikkje resultata eller plasseringane vere det spelarane hugsar. Det vil minna om, og erfaringane frå, laget vere. Vonleg. Og vonleg vil spelarane tenkje at; ja, det var artig å spele i 1.divisjon. Og, eg var ikkje åleine. Vi var eit lag. Som hadde det kjekt. Saman.

Det er det som er fint med idrett.

Hu og hei og takk for meg. Det har vore to fine år.

Vegard Gjerde Buset


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.