D1 med ny siger mot ØKSIL – juleferie på andreplass

16/12/2019

NTNUI 2 – ØKSIL 3-1 ( 25-22, 23-25, 25-15, 25-17)

Haustsesongen vart avslutta på nær perfekt vis for NTNUI 2 i helga. Motstandar ØKSIL er eit lag som har svinga i prestasjonane gjennom hausten, og det var og tilfelle i søndagens kamp.

Men dominansen i midtspelet vart avgjerande for heimelaget. Kjemien mellom oppleggar Elisa Cerioni og Malin Skeie var upåklageleg, og Skeie tok heile 17 poeng. Vilde Hobøl tok plassen til Hanna Nordal, som var reist på juleferie, på den andre midten. Ho bidrog også til at D1 dominerte midtspelet, og tok ti poeng. Frida Breivik hjå ØKSIL (13 poeng) hadde også nokre susande shoot-angrep, men alt i alt styrte D1 kampen.

Anita Hjelleset hadde eit godt innhopp etter det andre settet, då det stanga litt på kant for NTNUI. Med ni poeng på dei neste to setta spelte ho ein god kamp. Toppscorar vart diagonal Marte Lauvås med 18 poeng.

Sigeren gjer at D1 tek juleferie på andreplass på tabellen. Skjetten og OSI kjempar ein tett kamp om opprykk til Mizunoligaen, medan NTNUI-laget har fått godt med rom ned til nedrykkskampen i divisjonen. Vi håper på ein spanande vårsesong også!


Vegard Buset
16.desember 2019
vegard.buset@ntnui.no