D1 – På dagstur til Tromsø – REISEBREV

29/10/2018

Laurdag 27.oktober var dagen for ei ambisiøs reise. Det nyopprykka 1.divisjonslaget vårt skulle spele bortekamp mot BK Tromsø, og reisa var nøye planlagt for å minimere søvnmengden. Lurt, sidan dei fleste studentar er godt vane med å arbeide med lite søvn og høgt tidspress.

Så det var ei lys vaken og opplagt Anette eg møtte på busstoppet ved Lerkendal Stadion klokka 05.28. På flybussen sin ferd gjennom sentrum plukka han opp stadig fleire personar i grøn jakke, og vi kunne med glede (og litt overrasking) konstatere at alle saman rakk både buss og fly. Flybussen ga også høve til å hente inn igjen tapt søvn. Sjølv sov eg heilt frå Nova Kino til Sirkus Shopping, så her har ein ingen grunn til å klage på dårleg oppladning.

På flyplassen gjekk det overraskande greit gjennom tryggleikskontrollen. I alle fall for dei av oss som ikkje hadde med oss graut. Flyet kom seg også på vengane rimeleg raskt, etter litt moderat avising. Vi vart likevel nok foreinka til at vi ikkje rakk så mykje meir enn å gå til neste gate på Gardermoen. Eller, rakk å treffe ein av våre største fans, faren til Ingrid. Han var på veg til Trondheim, mellom anna for å vitje Ingrid. Men som midtspelarar flest kan Ingrid vere litt vimsete, så ho hadde sjølvsagt gløymt å informere om at ho skulle til Tromsø akkurat denne dagen. Slik kan det gå.

I Tromsø vart vi, som sist, frakta rundt i byen av faren til Mariell i den største bilen nord for Polarsirkelen. Vi er igjen utruleg takksame for transport til og frå hall og flyplass i nord! Ikkje nok med at NTNUI heilt gratis kan hente spelarar frå veldrivne klubbar med godt organiserte junioravdelingar i resten av landet, men vi har også høve til å få gratis mat når vi besøker dei etter på. Tusen takk til familien Ryssdal for ein god lunsj, kaffi og for at dei (igjen) opna huset sitt for oss!

Mange av jentene var også utruleg fascinert av toalettet hos Ryssdal, og dei som ikkje var med sist såg fram til å prøve dette. Eg skal innrømme eg tenkte at dette var uvanleg fordomsfullt, greitt nok at vi er langt nord, men så overraskande er det da ikkje at dei har innlagt vatn!

Kampen skulle spelast klokka 13.30, kun åtte timar etter at flybussen plukka opp den første grøne jakka ved Lerkendal Stadion. Kampen starta relativt oppskriftsmessig ved at vi tok leiinga 4-0. Derfra gjekk det nedover. Storfavorittane og serieleiarane frå Tromsø viste gjennom kampen at dei var sterkare enn oss, men førstesettet var utruleg jamnt!

Etter seks veker i Spania skulle Gina få sitt første balltouch i kamp sidan april på stillinga 23-24, på serv. Dette medan ho var halvskada, rusten og halvvegs i ein dagstur til Tromsø. Det gjekk sjølvsagt som det måtte gå, med serveess. Ho serva enda ein serv, og vi fekk vår første settball på 25-24. Den klarte vi diverre ikkje ta vare på, og det klarte vi heller ikkje då vi leia 28-27. Dermed enda settet med siger 28-30 for heimelaget Tromsø, og vi måtte skuffa innsjå at det ikkje vart noko uttelling sjølv om vi klarte å presse Tromsø.

Dei fleste var glade for at settet hadde vorte så jamt. Men reiseansvarleg Veslemøy verka uroa. Ho visste at viss fleire sett varte i 36 minutt ville vi kunne få problem med å rekke flyet heim. Heldigvis sørga neste sett for at den uroa forsvann. Vi tapte 8-25 på rekordtid, etter å ha spelt rekorddårleg i servemottak. Det positive var at vi klarte å heve oss til tredjesettet, sjølv om også det enda med tap 19-25. Så eitt bra sett, eit frykteleg sett, og eitt ok sett. Og eit venta tap med 0-3, og diverre null poeng i serieopninga.

Turen gjekk vidare til flyplassen. Der følte eg at dei grøne jakkene våre kanskje var litt vel anonyme, og ynskja å tiltrekke oss meir merksemd. Det er berre å beklage dersom nokre flypassasjerar på Langnes flyplass vart skremt av ivrig gestikulering, heiing og jubling. Det skyldes elitekampen mot Koll, som vi såg starten av på flyplassen.

Etter ei 40 minutt lang forseinking kom vi oss av gårde. Denne gongen var det fleire som var uroa for å rekke neste fly, men heldigvis viste det seg at vi skulle ta same fly vidare til Trondheim, så det ordna seg på best mogleg måte. Rundt klokka 22 var vi tilbake i Trondheim. Sjølvsagt følte eg ikkje denne dagen hadde vore innhaldsrik nok, så her var det berre å hive seg rundt og å komme seg på sosialt arrangement i regi av H2A. Ein må tross alt utnytte dagen når ein har sjans til det.

Det var nok slitne spelarar som la seg denne kvelden, etter den første seriekampen i 1.divisjon. Vi har hatt ei tøff sesonginnleiing og ei skuffande rankingturnering, men vi er fast bestemte på å slå tilbake, og å vinne kampar framover. Følg med!

Eg må også trekke fram BK Tromsø sitt gode arrangement. Det er fullt fortent at dei fekk tittelen som beste arrangør i Mizunoligaen i fjor. Laurdag laga dei ei fantastisk ramme rundt kampen, og sørga for godt opplegg. Laget er også imponerande, og eg slit med å sjå for meg noko anna enn at dei spelar i Mizunoligaen komande sesong. Det einaste eg eventuelt har å utsette, er at eit så sterkt lag hadde fortent meir publikum! Herrelaget i Tromsø trekk mange folk på kamp, og det er ingen grunn til at ikkje også det dyktige damelaget skal ha fleire tilskodarar på tribuna.

Avslutningsvis noko av det vi har lært i helga:

  • Det går an å reise på dagstur til Tromsø
  • Det er ikkje GPS-sporing av spelarane i Mizunoligaen
  • Tromsø kommune er lynraske på å fikse feil med golvet (null ironi!)
  • Det lønner seg å serve inn på bana
  • Vi har kanskje ikkje poeng i serien enda, men vi har utruleg mange Eurobonus-poeng!

 

Vegard Gjerde Buset – assistenttrenar D1


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.