Ein miniguide til Mizunoligaen – NTNUI Volleyball

02/10/2019

Foto: NTNUI \\ Nils Dittrich

Den nye sesongen nærmar seg, og spørsmåla er mange. Korleis fungerer eigentleg Mizunoligaen i år? Kor finn ein informasjon om sluttspel, nedrykk og seriegull? Kva er dei nye reglane for ToppVolley? Og finst det verkeleg ikkje tabellar nokon annen stad enn i Min Volleyball-appen?

Her forsøker vi å gi ei presis forklaring av korleis Mizunoligaen fungerer i år. Slik vil du vonleg vere betre rusta som publikummar i året som kjem, og vite meir om kva som eigentleg står på spel i dei 14 kampane i Dragvollhallen.

Først, det grunnleggjande
Mizunoligaen består av åtte lag. Desse laga spelar dobbel serie mot kvarandre, det vil seie totalt 14 kampar. Derav sju heime, og sju borte. I tillegg skal alle lag spele ein kamp mot Topp Volley (sjå eige avsnitt), så det totale antal seriekampar blir 15. Resultata frå desse kampane gir ein grunnserietabell.

Poengsystemet
Poengsystemet er det same som det har vore dei siste åra. Ein får tre poeng for å vinne 3-0 eller 3-1. Ein får to poeng for å vinne 3-2, og eitt poeng for å tape 2-3. Tap med 0-3 eller 1-3 gir ingen poeng.

Sluttspel
Dei seks beste laga i grunnserien kvalifiserer seg til sluttspelet. Dei to beste frå grunnserien går rett til semifinale. Dei fire andre laga skal møtast til ei kvartfinalehelg på heimebana til laget som blei nummer tre i grunnserien. Der spelar dei alle-mot-alle, og dei to beste går vidare til semifinale. Semifinala spelast heime/borte, som best av fem kampar. For å auke verdien av grunnserien, er det vedteke at det laget som gjorde det best i grunnserien vil starte med å leie 1-0 i kampar. Det betyr at det ikkje er noko Golden Set i sluttspelet i år. Det er same prinsipp i finala, best av fem kampar, og laget med best serieplassering leiar 1-0.

Nedrykk og kvalifisering
Laget som ender som nummer åtte i grunnserien rykker ned. Laget på sjuandeplass skal spele mot nummer 2 og 3 frå 1.divisjon om ein plass i Mizunoligaen 2020/21.

ToppVolley
Volleyballforbundet har vedteke at ToppVolley kun skal spele heimekampar denne sesongen, og delta i Mizunoligaen som eit niande lag. Resultatet av kampane tel på tabellen for motstandarlaga, men ToppVolley vert fjerna frå tabellen og kan korkje spele sluttspel eller rykke ned.

Og kor finn ein tabellar?
Tabellar finn ein primært i appen Min Volleyball. I tillegg vil dei nok ligge på statistikknettstaden, som det ligg lenke til her: http://nvbf-web.dataproject.com/CompetitionHome.aspx?ID=21 . Her vil ein også finne poengstatistikkar, toppscorarlister og andre data frå Mizunoligaen. Det ser ut til at tabellar også vert presentert her: volleyball.no/mizunoligaen

Korleis kan eg sjå kampar?
Aller helst bør du jo sjå kampar i hallen. Vi kan til dømes lokke med billege billettprisar på Dragvoll for alle kampane til NTNUI. Men dei kan også bli sett på norgessporten.no , der alle med abonnement på ei eller fleire av Amedia sine aviser vil få tilgang til alle kampar, direkte og i opptak.

Vegard Buset, 2.oktober 2019
Nestleiar NTNUI Volleyball

Spørsmål/kommentarar til teksten over kan sendast til vegard.buset@ntnui.no . For spørsmål om våre heimearrangement i Dragvollhallen, kontakt volleyball-arrangement@ntnui.no


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.