Elias Vølstad Bogen og Sven Nygaard blir trenarar for D1

04/08/2019

NTNUI Volleyball er glade for å kunne annonsere at trenarteamet vårt 1.divisjonslag på damesida er på plass for sesongen 2019/20. Elias Vølstad Bogen frå Stavanger vert hovudtrenar, medan Sven Andreas Nygaard frå Fredrikstad vert assistenttrenar. Begge har tidlegare trenarerfaring frå NTNUI, og tek no steget opp eit nivå. Dei tek over for Ivar Loland Råheim og Vegard Gjerde Buset.

Elias vil få det sportslege hovudansvaret for laget. Elias kjem opphaveleg frå Sola utanfor Stavanger, og er frå hausten av tredjeårs sivilingeniørstudent i petroleumsteknologi. Han har det siste året vore hovudtrenar for NTNUI 3, som vann 2.divisjon Trøndelag. Han er i tillegg ein del av vårt eliteserielag på herresida, som oppleggar. Treningsøktene Elias har hatt det siste året har vore både populære og gode, og med eit sterkt teknisk grunnfokus. Styret meiner dette er akkurat det 1.divisjonslaget treng for å utvikle både individuelle og kollektive dugleikar vidare.

Det er eit mål at 1.divisjonslaget skal vere ein utvikling- og rekrutteringsarena for spelarar som kan vere aktuell for Mizunoligaspel om eitt år eller to. Samarbeidet mellom dei øvste laga på damesida vil såleis vidareførast og styrkast inn i den komande sesongen. I tillegg skal 1.divisjonslaget også gi eit tilbod til dei NTNU-studentane som held nivået, utan å ha ambisjonar om å spele i Mizunoligaen.

NTNUI 2 vart nummer ni i sin første sesong i 1.divisjon i fjor, men fekk beholde plassen etter omleggingar av divisjonssystemet. Åtte lag deltek i serien komande sesong. Ei konkret sportsleg målsetning vil utarbeidast etter sesongstart, når ein har eit betre inntrykk av korleis spelargruppa kjem til å vere.

Sven går inn som assistenttrenar i tillegg til å vere leiar i volleyballgruppa. Han har i fleire sesongar trena damelag i 2.divisjon, og skal gå femteåret på lektorutdanninga. Sven kjem frå Fredrikstad, og har spelarerfaring frå folkehøgskulen på Sunnfjord.