Frå Lierne til Trondheim – for andre gang

03/10/2019

Dragvollhallen har osa av forventing denne veka. Smashane har vore enda litt hardare enn vanleg, mottakarane enda litt meir konsentrerte, og serverane har teke enda litt meir risiko. Spelarane veit at Mizunoligaen skal starte i helga, og dei gler seg. Dei har venta lenge på å få spele kamp, og no skal dei endeleg få lov til det. Og attpåtil både laurdag og søndag.

Ei av dei som gler seg ekstra mykje er Silje Holand. Ho er 21 år gamal og student ved NTNU. I seg sjølv ikkje så uvanleg, men det som gjer at Silje er ekstra spent, er at ho i år er kaptein på NTNUI sitt damelag i eliteserien. Det er ei utfordring ho ser fram til å møte og å løyse. “Det er veldig artig å få tillit som kaptein. Det viktigaste for meg blir å byggje ein god lagånd, og eit godt samarbeid”, kan ho fortelje om si nye rolle.

Og det er ikkje tilfeldig at det er akkurat Silje Holand som er blitt vald som kaptein. Ho har allereie opplevd mykje på volleyballbana og kan skildrast som ein leiartype, sjølv om ho kan fortelje at ho aldri før har vore kaptein for eit volleyballag. Ho var ein del av Lierne sin 1998-årgang, som gjennom 2010-talet verkeleg har satt bygda på volleyballkartet. Først gjennom deltaking i junior-NM, deretter ved opprykket til 1.divisjon i 2016. Og aller sist gjennom det sensasjonelle opprykket til eliteserien i 2018, då Lierne vart landets minste eliteseriebygd.

Opprykket og sesongen i fjor skildrar Silje som eit nærast uverkeleg. “Det å få betalt for alle dei treningstimane, med kun libygg på laget, var uverkeleg. Vi er utruleg stolte av det vi fekk til”. Og Lierne gjorde seg absolutt bemerka på toppnivå. Klubben løfta arrangementstandarden i eliteserien fleire hakk, og vart kåra til beste arrangør. På bana gjekk det diverre tråare, og det enda etter kvart med eit ganske klart nedrykk. Spelet vart for ustabilt, sjølv om Lierne på sitt beste var utruleg artig å sjå på. Førjulskampen på Dragvoll til dømes, der NTNUI slo Lierne 3-1, var ein underhaldande kamp publikum kosa seg med.

Det var også ein av Silje sine beste kampar i fjor. Kanskje ikkje så rart, for ho har hatt Dragvoll som heimebane før også. I opprykksesongen 2017/18 hadde Lierne og NTNUI ei overbygningavtale, som gjorde at Silje og andre NTNU-studentar frå Lierne kunne spele eliteserie for NTNUI og 1.divisjon for Lierne. Slik fekk ho allereie som 19-åring føle på det å få ansvar og å ta ansvar på toppnivå.

Og etter ein sesong heime i Lierne er Silje no tilbake i Trondheim og på NTNUI. Og som vanleg i studentidretten, laget ser ganske så annleis ut. “Vi har bytta trenar, og snittalderen er lågare enn før. Eg trivdes veldig godt for to år sida, og trur eg vil trivast i år og”, reflekterer Silje rundt laget og endringane som har skjedd. Skadefri er ho også, etter litt trøblete fjorårssesong med prolaps på hausten og fingerbrot på våren. “Kroppen er frisk og eg har hatt ei god oppkøyring, så eg er klar for seriestart”, kan Silje fortelje.

Og det er vel naturleg å spørje seg kva tankar og mål Silje og resten av laget har for sesongen. Med ei open eliteserie, der fleire lag er monaleg endra frå fjoråret, kan det kanskje vere vanskeleg å ha eit presist bilete på førehand. Og Silje seier at noko konkret mål har ikkje laget, utanom å halde seg i divisjonen og spele sitt eige, gode spel. “Vi er likevel mest opptekne av å fungere godt saman”, seier ho vidare.

Ei av dei Silje og resten av laget skal fungere saman med, er Synnøve Gjertsås. Ho har mykje same bakgrunn som Silje, som Lierne-jente som no har vorte student ved NTNU. Dei to har faktisk spelt på lag saman sidan dei byrja med volleyball, og har dermed mange volleyballerfaringar saman. Silje fortel at det ikkje var lett for dei å leggje frå seg Lierne-drakta, men at det kjennast trygt å ha Synnøve med seg på bana, også i den nye klubben.

Sist helg fekk dei sine første kampar som sentrale spelarar på NTNUI, da laget var i Volda for ei oppkøyringsturnering. “Det var eit knallarrangement av KFUM Volda. Volleyball, vennskapskampar, knallsol og bra middag”, oppsummerer Silje, som meiner turneringa hjelpte på å førebu laget til seriestarten. “Vi hadde litt høge skuldre i den første kampen, men det kom seg veldig når vi fekk spelt oss inn”.

Men har laget spelt seg nok inn? Det får vi sjå i helga. Då er Førde og Randaberg motstandarar. “Vi veit vi får hard motstand, men vi skal henge oss på. Det viktigaste er å få i gang vårt eige spel, men også vere tøffe i hovudet. For ingenting er som å vinne på heimebane”, seier Silje om serieopninga.

Når ho blir utfordra til å svare på kven ho trur vinn serien i år, er ho litt meir usikker. “Koll og Randaberg er nok mine to favorittar. Dei har fått inn gode spelarar som eg trur vil fungere godt saman.” Det blir heilt klart spanande å sjå korleis det går. Og dei første svara får vi allereie på Dragvoll på laurdag formiddag.

Det skjer altså med Silje Holand frå Lierne som kaptein på laget. Ho har flytta frå Lierne for andre gong, men ho er framleis i eliteserien. I bagasja har ho verdifulle erfaringar. Erfaringar om kor langt ein kan nå med rett kultur og eit sterkt lagmiljø. Erfaringar om kva som trengs i eliteserien. Erfaringar som vil hjelpe både ho og laget i den komande sesongen.

Dragvollhallen har osa av forventing denne veka.

La serien byrje!

Vegard Buset – vegard.buset@ntnui.no – 4.oktober 2019