Kontrollert heimesiger mot Asker

13/12/2020

NTNUI – Asker 3-0 (25-15, 25-15, 34-32)

Det var det siste settet som vekte mest åtgaum då NTNUI og Asker møttast på Dragvoll søndag. Etter at NTNUI hadde vunne dei to første setta enkelt, var det spaning til siste slutt i det siste. Stillinga vart 33-32 før ein serv frå Fredrik Opdal fekk Asker ut av system, og deira toppscorar Johannes Sørensen sette den siste ballen i nettet. Sørensen vart toppscorar for bortelaget med sine 12 poeng. Heimelaget verka godt førebudd på den høge andelen legg han fekk, og klarte ofte å etablere ei stor nok blokk til at Sørensen vart pressa nok til å gjere feil i blant.

Stian Endresplass vart toppscorar med 18 poeng, og gjorde også ein god mottakskamp. Arkivfoto: NTNUI Blits/Vebjørn Jokstad

For heimelaget var det Stian Endresplass som vart toppscorar med 18 poeng, han heldt dermed fram med sitt gode spel frå den siste tida.  Statistikkane viser også at Endresplass gjorde ein god mottakskamp. Jon Arnesen spelte diagonal, sidan Sigurd Festøy er offshore, og viste med sine 15 poeng fram mykje imponerande angrepsspel. Midtspelarane Cato Seljevold og Samuel Dyga fekk også gode legg av ein gavmild Elias Vølstad Bogen, og Asker fekk ikkje heilt tak på midtspelet til heimelaget. Når Bogen også etablerte seg sjølv som ein sterk angrepstrussel lukkast NTNUI godt med å «plage» blokka. Elles teikna Fredrik Opdal seg for sine første poeng i Mizunoligaen, han har primært spelt mottak og forsvar så langt i sesongen. Håvard Utne kom også inn som libero ei periode i 2. og 3.sett.

Poengfangsten på dei åtte første kampane er dermed 15 poeng. Ein plass mellom dei seks beste verkar så godt som sikra, noko som gjer at NTNUI truleg skal spele sluttspelkvartfinale for første gong sidan våren 2017. Laget var også kvalifisert til sluttspelkvartfinala i Førde i mars i år, men den vart som kjent avlyst.
Det kan framleis vere eit mål å ta tredjeplassen i grunnserien, ettersom det gir heimebanefordel i kvartfinala. Etter at Viking slo Førde 3-1 i dag verkar det som det er desse to laga NTNUI må konsentrere seg om å passere, dersom dei skal opp frå sin noverande fjerdeplass. Viking ligg fire poeng framfor NTNUI, medan Førde ligg enda eitt poeng framfor dei igjen. Førde har spelt ein kamp meir, skal det likevel nemnast.

Neste seriekamp for NTNUI er ikkje før 24.januar. Då er Randaberg motstandar i Dragvollhallen. Helga etter kjem Førde til byen, før det er bortekamp i Tromsø 6.februar. Inne i alt dette skal det også spelast returkamp i NM-semifinale mot Førde, på bortebane, laurdag 16.januar. Førde vann første kamp 3-0, så det blir ei tøff utfordring!

Tabellar ligg som vanleg her.


Vegard Buset
13.desember 2020
vegard.buset@ntnui.no