H-Elite klar for semifinale i cupen

15/11/2020

Endeleg siger i kvartfinala for herrelaget – damelaget med venta tap

Det var aldri nokon tvil om kor semifinaleplassen skulle gå då NTNUI spelte NM-kvartfinale heime mot Randaberg laurdag ettermiddag. Med settsiffera (25-18,25-23,25-17) enda kampen med ein klar 3-0siger for heimelaget. NTNUI fekk dermed revansj for tapet på bortebane i serien tidlegare i haust.

 

Sigurd Festøy vart toppscorar med sine 15 poeng, men Stian Endresplass (14 poeng) sto også stort fram gjennom kampen. Kaptein Jon Arnesen var under sitt vanlege nivå i angrep, men sto til gjengjeld fram som kampens store mottaksspelar.

Dette er første gong på fem år at NTNUI går til semifinala. Målet er å gjenta prestasjonen frå 2015/16 då laget gjekk heile vegen til finala. Kampane i semifinala trekkast måndag ettermiddag, og motstandarane kan trekkast frå øverste hylle. Regjerande cupvinnar Førde, regjerande serievinnar Viking og serieleiar Koll er dei tre andre semifinalistane, så her vil det uansett bli eit tøft oppgjer!

Neste seriekamp er allereie neste helg, då ventar BK Tromsø. Nordlendingane har hatt ein svak sesongstart, men har møtt hard motstand. Det kan difor vere duka for ein open kamp på Dragvoll søndag, men studentane i grønt er innstilte på å forlenge sigerssrekka på heimebane.

Damelaget trekte Koll borte i kvartfinala, og fekk dermed prøvd seg mot det beste laget i Noreg. Sjølv om Koll vann rimeleg trygt 3-0 (25-19, 25-23, 25-10) leverte studentlaget to gode sett, og i 2.sett var det faktisk ope kven som skulle vinne settet. Eit godt forsøk på ei vanskeleg bortebane for NTNUI. Nina Pavlova vart toppscorar med 11 poeng, medan det for Koll var diagonal Julie Michaelsen som var den dominerande spelaren.

No håper laget at dette ikkje vart årets siste kamp. Med dagens smittesituasjon og nasjonale retningslinjer gir det god meining å starte opp igjen volleyballaktiviteten i store delar av landet. Neste seriekamp er planlagt mot Tromsø 2 den 6.desember, og vår von er at den kampen gjennomførast som planlagt. Så lenge dagens retningslinjer for arrangement gjeld, vil heimekampane i Mizunoligaen, NM og 1.divisjon bli spelt utan publikum.

 


Vegard Buset
15.november 2020
vegard.buset@ntnui.no