H-Elite klare for sluttspel

02/03/2020

Det vart meir å juble for for H-Elite i helga. Arkivfoto: NTNUI/Nils Dittrich

NTNUI sin comebacksesong i Mizunoligaen har vore av det spanande slaget. Laget sto med tre sigrar og elleve tap før siste serierunde i helga, og kniven mot strupen for å sikre ein plass i sluttspelet. Saka var enkel. Askim måtte slås minst 3-1, samstundes som at OSI ikkje tok poeng mot Koll.

NTNUI såg ut til å kontroll gjennom heile det første settet, men så tråkka Stian Endresplass over. Kantspelaren frå Molde har hatt ei viktig rolle gjennom sesongen, og på tribuna spreidde frykta seg for at dette skulle koste NTNUI sluttspelplassen. Inn kom Mathias Strømmen, og han bidrog til ein ny settsiger. Det såg ut til å gå mot oppskriftsmessig 3-0, men ein totalkollaps mot slutten av tredjesett slapp austfoldingane inn i kampen igjen. Etter ei kontrollert avslutning slo NTNUI tilbake, og vann til slutt med 3-1. Den grøne delen av jobben var gjort.

Det vart ein spanande søndag med Nettavisen-sendinga på PC-en. Heldigvis for OSI var kvaliteten på spelet vesentleg betre enn kvaliteten på TV-sendinga, så det vart ein tidvis tett kamp. Men Koll viste at dei framleis er best i Oslo, vann 3-0, og sendte med det NTNUI til sluttspelkvartfinale. På betre settskilnad enn OSI, som dermed må spele kvalifisering for å halde seg i Mizunoligaen.

Dette var ein god revansj for NTNUI etter to keisame tap mot TVN og Randaberg sist helg. No er sjetteplassen i boks, eliteseriekontrakta sikra, og ein ser etter moglegheiten for å klatre ytterlegare på tabellen der. Kvartfinaleturneringa spelast i Førde 13-15.mars, og motstandarlaga er Førde, Tromsø og Randaberg. Dei to beste går vidare til semifinale mot Viking eller Koll.

Trenar Magnus Rodahl gjer seg følgjande tankar om sesongavslutninga i helga.

“Det var mye som sto på spill for vår del før siste serierunde. Vi har hele veien sagt at sluttspillet var et klart mål denne sesongen, og status før helgen var at vi måtte ha 3 poeng hjemme mot Askim og OSI måtte tape hjemme mot Koll for at vi skulle få plassen.

Vi leverer en god kamp og gjør jobben greit mot Askim. Selv om vi ikke helt klarer å finne rytmen i eget angrep så vinner vi komfortabelt, og vi tar med oss at vi stadig tar steg i eget serve og mottaksspill. Dessverre ble det et skikkelig skår i gleden at Stian tråkket over i første sett. Det er en spiller vi absolutt trenger i sluttspillet, så vi må bare håpe at han rekker det. Dog var det gledelig å se at vi likevel klarer å holde roen når vi får en sånn situasjon og henter hjem settet. 

Koll gjorde også jobben greit mot OSI og viste at vi ikke hadde noen ting å bekymre oss for. Men det var en lettet gjeng som kunne puste ut etter halvannen time med rimelig dårlig stream fra Oslo.

Nå ser vi frem til tre gode dager i Førde, hvor selvfølgelig alt kan skje.”

NTNUI 2 spelte også heimekamp i 1.divisjon i helga. Eit redusert heimelag tapte 1-3 mot Asker, som i helga sikra opprykket til Mizunoligaen. Etter to frykteleg dårlege sett tok spelet seg opp, og NTNUI kom meir med. Men bortelaget var sterkast, og fekk dei avgjerande poenga. Det vart dermed åttandeplass i 1.divisjon. Langt lågare enn ambisjonen for det nyopprykka laget, men etter å ha vore under nedrykksstreken nesten heile sesongen er det likevel eit letta lag som no avsluttar kampsesongene.

På damesida var det også 1.divisjonskamp. NTNUI 2 tapte 0-3 for OSI, og enda dermed på sjetteplass i 1.divisjon. Eit nytt framsteg frå fjoråret. Diverre må ein no ta turen ned i 2.divisjon, som ein konsekvens av at førstelaget rykka ned frå Mizunoligaen.


Vegard Buset
2.mars 2020
vegard.buset@ntnui.no