H-Elite slo OSI – igjen

16/12/2019

NTNUI-OSI 3-0 (25-21, 25-14,25-22)

H-Elite avslutta haustsesongen heime mot OSI i går. Og akkurat som i bortekampen, så var det studentlaget i grønt som vann. OSI hadde gjort nokre endringar på laget, og tidlegare NTNUI-ar Haakon Lie var kant.

Også NTNUI hadde endringar frå sist kamp. Ein nesten friskmeldt Arjan Festøy gjorde comeback etter skade, og vart toppscorar med 14 poeng. Samuel Dyga kom inn i midten for ein skadd Kjartan Klyve, medan Eskil Haugum var dagens oppleggar. Sigeren verka aldri å vere trua, og dermed kunne ein konstatere tre nye poeng til heimelaget, og full siger i studentkampen.

OSI ligg framleis på plassen framfor NTNUI på tabellen, og dei to laga vil nok begge kjempe for sluttspelplass i mars. Då må dei også halde Askim og Randaberg bak seg, og slik unngå nedrykk til 1.divisjon.


Vegard Buset
16.desember 2019
vegard.buset@ntnui.no