H1 er ikkje fornøyde med hausten – ambisiøse før våren

18/12/2019

Søndag tapte H1 heime mot Torvastad. Det markerte slutten på ein resultatmessig tung haustsesong for laget. Åtte poeng på åtte kampar plasserer laget sist i 1.divisjon. Kursen ser ut til å vere retta tilbake til 2.divisjon, men vi har ingen planer om å gi oss.

Det har vore ein merkeleg sesong for oss på H1. Vi har spelt åtte kampar, der dei fleste har vore jamne. Fire gongar har vi vunne førstesettet, for så å tape 1-3. Dette er fire kampar som dermed har gitt null uttelling. Det er vi ikkje fornøyd med.

Vi har spelt to gongar mot OSI. Begge gongane har vi tapt 1-3. Det gir oss null poeng på to kampar mot det laget vi hadde aller mest lyst til å slå. Det gjer sjølvsagt vondt. Og det er vi ikkje fornøyd med.

Heimekampen mot Torvastad minner meg litt om bortekampen mot Vestli. Begge var kampar vi absolutt kunne ha vunne, sjølv om motstanden er god. Begge desse laga presterte under pari mot oss, men fekk likevel behalde alle tre poenga. Der har vi ikkje vore gode nok. Det er vi ikkje fornøyd med. 

Nokre lyspunkt har det sjølvsagt vore. Vi slo Asker 3-2 borte i ein rotete kamp. Heimekampen mot Spirit enda med ein klar 3-0-siger, men vart tydeleg prega av at kapteinen deira tråkka over i starten av kampen. Bortekampen mot Spirit derimot, er ei heilt anna historie. Det var ein artig kamp. Det var ein tett kamp. Det var ein god kamp. Og vi vann med 3-1. Det er vi fornøyd med.

Vårsesongen kjem til å bli utfordrande. Vi mister spelarar. Nokre skal på utveksling. Andre har fått jobb. Vi står framfor eit intensivt program. Elleve kampar, ni av dei i februar. Vi bør nok vinne minst halvparten av kampane for å kunne stå i 1.divisjon. Det har vi lyst til å få til. Og det trur eg vi kan få til.

Det har vore gledeleg gjennom hausten å sjå nye spelarar ta nivået i 1.divisjon. Vi har framleis til gode å bli skikkelig knust. Det er eit lyspunkt. Gjennom hausten har eg aldri tenkt: På dette nivået høyrer vi ikkje heime. Vi har vore med i alle kampar, hatt det artig, og tidvis spelt god volleyball. Men vi har framleis utfordringar å løyse.

Vi må bli meir stabile, vi må få til å prestere i heile kampar. Dette ligg primært i hovuda våre. Vi må halde fram med å utvikle spelet vårt. Spesielt i angrep har vi mykje å gå på. Her må vi bli betre, ganske enkelt. 

Vi skal møte Tromsø 2, Førde 2 og Sotra to gongar. Vi har heimekampar mot Vestli og Asker. Vi skal til Torvastad, Sand og Bergen. Vi har ein travel vår framfor oss. Den ynskjer vi å fylle med god volleyball. Vonleg vinn vi nok kampar til å klatre nokre plassar på tabellen. Det vil vi kome til å vere fornøyde med.


Vegard Buset
18.desember 2019
vegard.buset@ntnui.no