H1 på Austlandet – ei forteljing om volleyball, innbrotsalarmar og tronskifter

16/02/2018

H1 på bortetur til Austlandet
ei forteljing om volleyball, innbrotsalarmar og tronskifter

I mai fekk eg eit forslag til terminliste. Der sto det at H1 skulle spele tre kampar på tre dagar ei helg i februar. Fint, tenkte eg, det vil spare oss for penger, og det kan da ikkje vere så tungt å spele eit par volleyballkampar?

Då den nevnte helga i februar nærma seg, var det langt fleire som hadde kalde føter. Og andre kalde kroppsdelar. Ein mystisk influensaepidemi hadde herja H1 dei siste vekene, vore sterkt delaktig i eit keisamt tap i Farsund, og elles sørga for eit treningsoppmøte på eit absolutt botnnivå.

Men da restane av H1 sette kursen mot Austlandet var vi likevel ti sterke spelarar og eit godt lag. Optimismen var til stades (mest fordi sjefspessimisten Kjartan var oppteken i ei kyrkje, meir om det seinare), og vi var klare for å slå frå oss. Utgangspunktet var enkelt. Alle tre kampane måtte vinnast, skulle vi vinne avdelinga.

Fredag kveld slo vi Spirit 3-0. Ein god start, og ein solid kamp. Laurdag morgon nytta vi til roleg avslapping,  der vi såg Marit Bjørgen vinne sølv i OL. Eller som Dagbladet kalla det, eit tronskifte i internasjonal kvinnelangrenn. Turen til Askim gjekk problemfritt som alltid, og dei vakre, grøne jakkene inntok på ny den flotte Askimhallen.

Og der blei vi lenge. Heile fem sett kunne vi underhalde publikum med (I tillegg tok Arjan av seg drakta ikkje mindre enn to gongar). Og det var fem gode sett, må eg ubeskjedent nok konstatere. Det var ein god volleyballkamp i Askim, mellom to av dei sterkaste laga i 1.divisjon. Det var ei verdig seriefinale, der det var relativt lite personlege feil, akkurat nok tvilsballar, og jamt over høg kvalitet. Men då den siste ballen trefte hallgolvet, var det på feil side. Vi hadde tapt 15-13, og dermed har Askim fri bane til seriegullet.

Surt? Ja. Irriterande? Ja. Fortent? Ja, det var det. Askim var best då dei jamne setta skulle avgjerast. Vi var akkurat ikkje gode nok til å vinne. Men var prestasjonen vår god? Ja, så absolutt. Så det var med litt blanda kjensler vi reiste vidare til Oslo, for å møte Polonia Oslo.

Vi hadde vorte åtvara på førehand. Ein trur kanskje det er lett, men slik treng det altså ikkje vere. Kanskje trur ein at ein har gjort noko liknande så utruleg mange gongar, at dette tek ein på rutine. Kanskje tenkjer ein at ein er for høgt utdanna til å skulle slite med ei så enkel oppgåve. Men heilt ærleg, det å finne inngangsdøra til hallen til Polonia var ei utfordring så tøff at det var like før vi måtte gi opp.

Etter å ha utløyst innbrotsalarm på ein vidaregåande skule vegg i vegg (eg er sikker på at halve Helsfyr må ha høyrt den alarmen), oppdaga vi ei mistenkeleg dør. Den såg sjuskete og bortgøymt ut, men Eirik hadde likevel ei magekjensle av at det kunne vere denne døra vi skulle inn. Om det var desperasjon etter å ha forsøkt 25 andre dører av varierande storleik og kvalitet, eller skiltet over døra med den interessante teksten «Inngang flerbrukshall» som gjorde at Eirik fann rett dør, vitast ikkje. Uansett kom vi endeleg inn i hallen. Og om det tok lang tid? Ja, meir enn nok tid til at det er fullt ut forsvarleg å bruke to avsnitt på det i denne teksten.

Men eg må vel nemne kampen også. Eller, eg vil helst ikkje nemne førstesettet. Men vi vann dei tre siste setta, og fekk med oss ein 3-1-siger. Tunge bein og slitne kroppar orka knapt juble. Vi gjekk i staden bestemt mot utgangen, medan vi enno hugsa kor han var, og køyrde for å rekke flyet. Det gjorde vi.

Så sportsleg sett kan helga oppsummerast som ei helg der vi spelte bra, og fekk med oss sju poeng. Men det var også helga der vi truleg tapte moglegheiten til å vinne 1.divisjon. Så kjenslene er blanda etter eit surt tap, men ein god prestasjon. No er det klare målet å vinne siste ranking på heimebane.

Det var ei lang helg på reise for oss, den tredje på rad. Halvparten budde hjå Tutt, resten hjå Eirik. Vi er som vanleg utruleg takksame for å ha fått budd og ete der, og takkar for flott oppvarting. Vi er heldige som får så god behandling når vi er ute og reiser.

Men no vert det ikkje fleire reiser i år. Tida framover skal brukast til noko (marginalt) meir produktivt enn å leite etter inngangsdører til ymse fleirbrukshallar. Vi skal nemleg verte heilt friske, og så skal vi slå hardt frå oss mot Polonia og Molde. Alle saman. Nesten. For vi manglar ein mann, Kjartan. Laurdag var kanskje ein dag med eit keisamt tap for oss, men han fekk sin store bryllaupsdag. Vi gratulerer Kjartan og Hanna-Emilie, og håper feiringa og seremonien var flott!

Sjølv heidra vi brudgommen ved å ete på ein av favorittstadane hans frå ungdommen, nemleg «Rogern» i Jessheim. Kanskje var det også der grunnlaget for OL-gullet til ei anna frå Jessheim, Ragnhild Haga, vart lagt? Jammen sa eg tronskifte.

Hu og hei!