H1 seiret i Førde!

01/12/2016

Sist helg vart den andre rankingturneringa spelt i Førde. Etter våre mange opplevingar på ymse flyplassar sist ranking valde vi denne gongen eit nytt transportmiddel. Bilen. Med tre bilar, stort pågangsmot og stor optimisme la vi ut på ein lang biltur gjennom vakre omgjevnader. Det vi derimot ikkje hadde med oss så mykje av, var kant- og diagonalspelarar. Anklar, eksamenar og forkjølingar gjorde at vi reiste sørover med kun ein kant og ein diagonal. Til gjengjeld var vi tre oppleggarar, tre midtspelarar og to liberoar.

Ambisjonsnivået var naturleg nok noko senka ettersom vi stilte redusert. Vi sette oss som minstemål å gå vidare frå gruppa. Den første kampen, mot Vestli, var sett på som ein nøkkelkamp i så måte. Dette var ein god kamp av oss, der vi serva austlendingane av bana med eit skummelt høgt servepress. Blokka vår fekk gode arbeidsvilkår, og Johan og Håvard blokka solid gjennom heile kampen. Ein trygg og god siger for oss, sjølv om angrepsuttellinga var uvanleg låg. Med denne sigeren i boks kunne vi senke skuldrande noko, og vann også våre to siste puljekampar, mot Blussuvoll og KSK. Dermed var puljesigeren og kvartfinaleplassen i boks.

At vi skulle vinne kvartfinala mot Austrått skjøna vi i grunn på reaksjonen til dei allereie slitne Austrått-spelarane då dei etter sin 2-1-siger mot Sunnfjord fekk vite at kampstart i kvartfinala berre var 10 minutt unna. Eg trur nok vi ville slått rogalendingane uansett, men dei var tydelig slitne, og svakare enn tidlegare i turneringa. For vår eigen del leverte vi ein relativt solid kamp, med unnatak av ei serverekke i mot heilt i byrjinga av andresettet. Kampen enda med ein komfortabel siger, og noko overraska kunne vi konstatere at vi etter første dag var både ubesigra og semifinaleklare.

Der andre lag kanskje må ty til tradisjonelle overnattingsmetodar som hotell eller skule, var vi langt heldigare i helga. Åtte av oss vart innkvartert heime hjå familien Strømmen, der vi fekk servert fantastiske måltid kvar einaste dag. Tusen takk til Grete for gode måltid, at ho stilte huset til disposisjon, og gjestfridommen vi opplevde i helga. Ho var heilt klart vår mest verdifulle spelar i helga! To av oss budde hjå besteforelda til Ivar, og er like takksame for at vi fekk bu og ete der!

Så mette og utkvilte fann vi vegen til hallen søndag morgon. Semifinale mot Stod sto på programmet. Laget hadde byrja å sette seg, og vi hadde stor suksess med oppleggar Fredrik som kantspelar saman med førdianaren vår, Mathias. Haakon storkosa seg på diagonalplass, og slo over alt og alle, medan Tutt gjennom heile turneringa leika seg med midtspelarane til motstandaren. Ivar, Håvard og Johan leverte alle solid blokkspel, og når mottaket vårt, med Eirik og Fredrik i spissen, slo alle tidlegare rekordar, ja, da var det ikkje rart at Stod fekk problem.

Vi låg litt under i starten av kampen, men god serving av Fredrik, eit generelt høgt servepress, og ikkje minst angrepsspelet til Haakon var med på å bære oss fram til ein sterk settsiger. 25-23 viste poengtavla då dommaren markerte for sidebytte, og dermed var det vi som hadde overtaket. Etter ein lovande start på andresettet sa det stopp i angrep, og vi slutta fullstendig å slå inn ballen. Mottakarane våre pumpa stadig gode mottak fram til Tutt og angriparane, men ballen ville ganske enkelt ikkje i bakken foran eit hardtarbeidande Stod-forsvar. Da er det ikkje rart at Fredrik kanskje vart litt lei til slutt, og på Stod sin settball forsøkte seg på eit tremeteråtak på servemottaket. Det er som kjend ikkje lov, og vi tapte ballen, men eg følte vi fekk letta litt på stemninga i laget, og eventuelle høge skuldre vart senka.

Tie-breaket køyrde vi frå start til slutt, og vann til slutt med 15-11. Dermed hadde vi, utruleg nok, spelt oss heilt fram til finale i rankinga. Motstandar der var Førde 2, som framsto langt sterkare enn laget som kom på 13.plass i første ranking. Vi var fullstendig klare over at vårt reduserte lag ikkje var favorittar mot eit eliteprega Førde-lag. Men vi hadde spelt så bra heile helga! Alle saman hadde spelt så bra! Vi trudde det var mogleg å vinne, og vi ville verkeleg prøve. Hardt.

Taktikken vart lagt før kampen. Vi valde å spele på våre styrkar. Med eit eksepsjonelt godt servemottak var vi i stand til å auke tempoet, for å stresse midtspelarane til Førde. Dei to sunnmørske tometringane til Førde er ikkje spelarar du vil ha i blokk mot deg, så her gjaldt det å spele fort. Førde hadde også måtte bytta oppleggar etter ein overtrakk i semifinala, noko som inspirerte oss til å skru opp servepresset ytterlegare. Høgt servepress kombinert med at oppleggaren på andre sida ikkje er van med å leggje til midtspelarane skulle vere med på å ta midtspelarane til Førde ut av kampen. Då ville mykje ansvar falle på Martin Olimstad og Oskar Raftevold, noko det jo også gjorde.

Etter at Førde kom best i gang, kom vi stadig meir med. Tutt klarte å halde eit tempo som gjorde det mogleg for kantspelarane å slå inn, medan Haakon angreip både bakfra og forfra med tunge smashar. Midtspelarane slo også inn meir enn dei hadde gjort heile turneringa, og servemottaket til Fredrik og Eirik var rett og slett rått. Vi fekk settball på 24-20, og Førde berga den første. Men så oppsto ein litt pussig situasjon. Kanskje hadde Førde-blokka lest vårt førre reisebrev, der eg skreiv at «det er av sine eigne ein skal ha det». For dei stilte opp alle mann på Mathias, noko ein alltid observant Tutt sjølvsagt ikkje overså. Eit smart midtlegg til ein gira Håvard som ikkje lot seg be to gongar. Knallhardt og kontant i golvet til 25-21 og 1-0.

Andresett vart langt jamnare, men det var heile vegen vi som låg eit par poeng foran. Det var tydeleg at dette stressa Førde, som gjorde akkurat litt for mykje personlege feil til å halde følge. Vårt servepress var høgt, og ein viktig faktor for dette. Dei serva også relativt tøft, men servemottakarane våre slutta aldri å imponere. Dei hadde rett og slett full kontroll. Det vart ein del taktikkeri mot slutten, med mange time-outar, og Førde prøvde også å bytte kantspelar. Då vi tok for siste time-out på stillinga 23-24, hadde vi matchball, og i time-outen var eg ikkje i tvil om korleis det ville ende. Alle mottaksspelarane verka klare for å ta ballen, og både Fredrik og Haakon var ekstremt klar for å slå inn. Dette ville gå.

Og det gjorde det. Perfekt mottak fra Eirik, eit godt legg frå Tutt, og då Fredrik dro til var det nokre spanande millsekund. For ballen gjekk i blokka. Og så i antenna. Og så, ja, og så hadde vi vunne rankinga. 25-23. Få hadde trudd dette før helga. Kanskje aller minst vi sjølve. For med redusert lag, utan meir enn ein kantspelar, og med såpass låge ambisjonar, så var det heilt, heilt uventa at vi skulle gå heilt til topps. Vinne ei ranking. Overta førsteplassen på tabellen. Nei, dette var gøy! Og alle leverte, alle spelarane var gode!

Bilturen heim gjekk overraskande fort til å starte klokka 18.30 ein søndag i eksamensperioda. Og då eg parkerte den siste bilen på Sixt Tempe klokka seks minutt over fire natt til måndag, tenkte eg på to ting. Litt tenkte eg på at det ikkje hadde vorte noko eksamenslesing i helga, og at eksamen var få dagar unna. Men mest tenkte eg på kor gode vi eigentleg var i helga. Kor godt laget fungerte saman, og kor herleg idrett kan vere av og til. Den store«volleyballyrikaren» Jon Heen seier det slik;
«volleyball er så vakkert».

Og det er det verkeleg.

Vegard
– stolt vikar på lagleiarbenken for anledninga.

sudman-stikk-til-hallgeir