Heimesiger mot BK Tromsø – framleis fjerdeplass på tabellen

22/11/2020

NTNUI – Tromsø 3-0 (25-23, 25-20, 25-18)

NTNUI tok ein ny siger på heimebane i eliteserien i ettermiddag, denne gongen mot Tromsø. Sigurd Festøy vart toppscorar med 16 poeng på ein dag der NTNUI kom bakpå i alle sett, men ved hjelp av sterk serving tok igjen leiinga og gjekk forbi. Spesielt innbyttar Elias Vølstad Bogen i 2.sett og kaptein Jon Arnesen i 3.sett hadde avgjerande serverekker.

Med sigeren verna H-Elite om fjerdeplassen på eliteserietabellen. No gjenstår kun heimekamp mot Asker 13.desember før julepausa. To semifinalar i cupen mot Førde VBK skal også spelast, her er dato enno ikkje klar. I serien går dei seks beste til sluttspel, noko NTNUI ser ut til å ha grei kontroll på etter sin gode seriestart.

Dei to beste går direkte til semifinala, medan tredjeplassen får heimebanefordel i sluttspelkvartfinala. Laget sikter difor truleg mot ein plass mellom dei tre beste, og må i så fall passere eitt av vestlandslaga framfor dei på tabellen i løpet av våren. Pr no ligg laget eitt poeng bak Viking på tredjeplass, men med ein kamp meir spelt ettersom Viking fekk ein kamp utsatt grunna kommunale koronareglar.

Så lenge dagens retningslinjer for arrangement gjeld, vil heimekampane i Mizunoligaen, NM og 1.divisjon bli spelt utan publikum. 1.divisjon er planlagt gjenopna 1.desember, det vil seie at neste heimekamp på Dragvoll er D1 mot Tromsø 2 den 6.desember.

Tabellar ligg som vanleg her.


Vegard Buset
22.november 2020
vegard.buset@ntnui.no