Melde overgang til/frå NTNUI Volleyball (2018)

12/07/2018

Alle nye NTNUI-medlemmar som har spelt for ein annan klubb, må melde overgang og fylle ut overgangsskjema. For å få ei så ryddig og effektiv sakshandsaming som mogleg, ber vi om at alle skjema sendast til vegard.buset@ntnui.no på mail. Skjemaet skal vere så mykje utfylt som mogleg når det sendast inn. På denne sida finn du informasjon om kva skjema du skal bruke, og kva du skal fylle ut.

Overgang til Mizunoligaen/1.divisjon:

Du finn det gjeldande overgangsskjemaet her. Når du har fått tak i skjemaet, må du kontakte din tidlegare klubb. Tidlegare klubb må fylle ut, og leiar/nestleiar må signere. Du må også fylle ut alle felt du sjølv skal fylle ut, inkludert eigen signatur før du sender skjemaet på mail til oss. Emnefeltet på mailen bør vere «Overgang <Spelarnamn>«.  Du må også betale overgangsgebyr til forbundet på 800 kroner.  Merk at summen som står på sjølve skjemaet er feil! Kontonummeret er 1503.42.41365. Etter at alle signaturar er i orden, og gebyret er betalt, har du ei obligatorisk karantene på 7 dagar. Du kan altså ikkje spele serie- eller cupkampar før dei 14 dagane har gått.

NB: Kontonummeret som står på overgangsskjemaet er pr. i dag feil.Nummeret som står over her er det korrekte. NVBF har lova å oppdatere skjemaet etter sommarferien.

Overgang til lågare divisjonar:

Du finn det gjeldande overgangsskjemaet her. Når du har fått tak i skjemaet, må du kontakte din tidlegare klubb. Tidlegare klubb må fylle ut, og leiar/nestleiar må signere. Du må også fylle ut alle felt du sjølv skal fylle ut, inkludert eigen signatur før du sender skjemaet på mail til oss. Emnefeltet på mailen bør vere «Overgang <Spelarnamn>«. Du er speleklar for NTNUI frå den datoen som står på skjemaet, utan noko vidare karantene.

Overgang frå NTNUI til annan klubb:

Du finn det gjeldande overgangsskjemaet her. Fyll først ut dei felta du sjølv skal signere og/eller fylle ut, send deretter skjemaet på mail til oss. Emnefeltet på mailen bør vere «Overgang <Spelarnamn>«. Du vil så få skjema tilbake, med nødvendige signaturar frå NTNUI, dersom alle forpliktelsar ovanfor klubben er gjort opp. Du kan deretter kontakte ny klubb, som vil stå for dei siste signaturane og innsending til NVBF.