Mizunoligaen – Ni sett under serieopninga på Dragvoll

05/10/2019

Laurdag opna NTNU sine eliteserielag den nye sesongen. Begge lag møtte Førde, og det skulle vise seg å bli ein lang dag i Dragvollhallen.

Det vart ei nervøs opning på damekampen, og Førde tok førstesettet med 17-25. I andresett var NTNUI meir på, og vann med 25-21. Men kampen var langt frå over, og Førde slo tilbake med 22-25 i det tredje settet. No var det vinn eller forsvinn for heimelaget, og det takla dei godt. 25-18 i fjerdesett vart fulgt opp med 15-8 i det siste, og dermed siger 3-2 for NTNUI. Den gode tiebreak-trenden på heimebane varer dermed framleis. Dette er det femte tie-breaket i Dragvollhallen etter opprykket i 2017, og alle fem er vunne.

Synnøve Gjertsås (#1) angrip. Foto: NTNUI/Nils Dittrich

Toppscorar i kampen vart Silje Holand med 18 poeng, medan det var Thea Hestnes som hadde flest mottak gjennom kampen. Allereie i morgon søndag er det klart for ny kamp, da mot topplaget Randaberg. Randaberg slo Tromsø 3-1 på bortebane i dag, og viste tydeleg at dei kjem til å vere heilt i toppen av tabellen. Så dette blir nok ei hard nøtt å knekke for heimelaget.

Herrelaget lukkast ikkje like godt mot Førde i dag. Eit Førde-lag utan profilar som Vitor Macedo og Mathias Berntsen ga likevel ein sjåverdig kamp i Dragvollhallen, med mange gode spelehandlingar. Det var bortelaget som var sterkast, og vann 3-1 etter fire sett. Første- og fjerdesett enda med klare sigrar til Førde, medan laga vann kvart sitt jamne sett i midten. Neste heimekamp for herrelaget er mot Tromsø allereie neste helg.

Det gjekk ikkje heilt vegen for H-Elite i dag. Foto: NTNUI/Nils Dittrich


Vegard Buset
5.oktober 2019
vegard.buset@ntnui.no

Alle foto: NTNUI/Nils Dittrich