Mizunoligaen: Tre kampar – null poeng

15/10/2019

Det vart ei tøff helg resultatmessig for våre lag i Mizunoligaen.

H-Elite spelte heime mot Tromsø. Det var absolutt ein jamn kamp, men det var nordlendingane som var sterkast og vann med 3-1. Jon Arnesen starta som kant, men gjekk etter kvart over til å spele diagonal og vart da toppscorar for NTNUI. Eit lyspunkt var det også at Anders Halvorsen tok 13 poeng i sin første heile kamp for NTNUI i Mizunoligaen. Hardtslåande Arjan Festøy er ute med skade og vart sakna. Laget håper han er frisk til neste seriekamp mot Viking den 3.november. Før den tid skal det spelast cupkamp mot Trondheim Ballklubb, faktisk allereie på torsdag. Det kan bli ein artig kamp!

D-Elite fekk det som venta tøft borte mot hovudstadslaga Koll og Oslo Volley. Kampane vart i grunn aldri spanande, og enda med klare 3-0-tap. Laget sin neste kamp er allereie onsdag, også det i cupen. Motstandar er Fjellmann, og kampen spelast på Svorkmo. Neste kamp i Mizunoligaen er 27.oktober, då kjem nyopprykka Tromsø til Dragvollhallen.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.