Neglspretten 2017

20/05/2017

Neglspretten

Neglspretten 2017 vart arrangert i Dødens Dal søndag 7.mai. 16 herrelag og ti damelag deltok då sandvolleyballsesongen vart serva i gong for i år.

Veret var ikkje på arrangøren si side, og speleforholda levde opp til turneringsnamnet. Mellom byger med hagl, regn og snø var det også nokre finere perioder, og frå tid til anna dukka også sola opp.

På herresida fekk vi sjå mange spanande kampar. Tre lag viste tidleg at dei var favorittar. Første kamp mellom desse gjekk mellom Fredrik/Sigurd og Simen/Erlend, og det var Fredrik/Sigurd som tok første stikk etter eitt jamt sett. Dei to vann også mot Henrik/Morten, og var med det finaleklare. For Simen/Erlend vart turen i taperbracketen ikkje særleg utfordrande, og etter ein jamn semifinale mot Henrik/Morten tok også dei steget inn i finala. Her revansjerte dei tapet frå tidlegare i turneringa med 21-17, og sikra seg med det eitt Golden Set til 15. Eit sett dei hadde relativt god kontroll på, og vann med 15-11.

På damesida var eit lag klart best heile dagen, og vann alle kampane, dei fleste stort. Gudrun/Martine hadde god kontroll gjennom turneringa, sjølv om Ida/Heidi tidvis utfordra i finala.

Alle 26 laga fekk minst tre kampar, og det var høg aktivitet gjennom heile dagen. Teknisk arrangør var H2C, som stilte mannsterke opp, både som deltakarar og som frivillige. Dei gjorde ein kjempeinnsats, og sørga for at turneringa vart så vellykka som ho vart.

Eg gler meg til neste år!
Vegard, arrangementsansvarlig


Vinnerne av dameklassen, Gudrun og Martine


Vinnerne av herreklassen, Erlend og Simen

TOPP 4 DAMER

  1. Gudrun / Martine
  2. Heidi / Ida
  3. Elise / Stine
  4. Gunn Mari / Ragnhild

 

TOPP 4 HERRER

  1. Erlend / Simen
  2. Fredrik / Sigurd
  3. Henrik / Morten
  4. Eirik / Haakon