NM semifinale – Elite tapte klart mot Førde

06/12/2020

NTNUI – Førde 0-3 ( 17-25, 22-25, 16-25)


NTNUI var aldri i nærleiken i dagens første NM-semifinale mot Førde. Laget si rekke med dårlege resultat mot Førde held dermed fram, NTNUI har ikkje slått vestlandslaget sidan 2016. Returkampen spelast i Førde 16.januar, og NTNUI må vinne 3-0 eller 3-1 for å sikre eit avgjeande «Golden Set» til 15. I den andre semifinalekampen vann Viking 3-0 borte mot Koll.

NTNUI sin toppscorar i dag var Stian Endresplass med 10 poeng. Han var lagets sterkaste angrepsspelar på ein dag der kaptein Jon Arnesen og diagonalspelar Sigurd Festøy tidvis sleit med samspelet med oppleggar Henrik Hole. For Førde var det Martin Olimstad og Sverre Flåskjer som vart toppscorarar med 13 poeng kvar.

Førde lukkast spesielt betre i mottaksspelet, og på å omsette vanskelege situasjonar til poeng. NTNUI har ein jobb å gjere før returkampen, om dei skal klare å kvalifisere seg til cupfinala.

NTNUI spelar sin siste eliteseriekamp før jul neste søndag. Da er det heimekamp mot botnlaget Asker, og det forventast tre poeng til heimelaget, som i så fall vil trygge fjerdeplassen. Tabellen kan du sjå her.

Fotoalbum frå kampen ligg her: NTNUI Mediearkiv. Alle foto (NTNUI Blits/Vebjørn Jokstad. Instagram: @ntnuiblits $vjokstad )
Det vart ein tøff dag i mottak for Stian Endresplass og NTNUI i dag.
Foto: NTNUI Blits/Vebjørn Jokstad.

Vegard Buset
6.desember 2020
vegard.buset@ntnui.no