NTNUI 2 (damer) spelar 1.divisjon også i 2019/20

18/04/2019

Denne veka fekk NTNUI 2 beskjed om at dei får plass i 1.divisjon også komande sesong, til tross for at laget eigentleg enda som nummer ni og rykka ned. Det var ikkje nok lag frå 2.divisjon som ynskja opprykk, og dermed gjekk tilbodet til NTNUI 2.

Dette er veldig viktig for heile klubben. Det å ha eit andrelag i 1.divisjon gjer at avstanden mellom topplaget i eliteserien Mizunoligaen og resten av klubben blir mindre. Spelarar som kan tenke seg å spele i eliteserien om nokre år får med dette viktig erfaring og matching på eit høgt, nasjonalt nivå.. Det har vi sett nytten av allereie i år, og fleire av årets førstedivisjonsspelarar kan tenkast å ta steget opp til neste års eliteserielag.

Samtidig er hovudmandatet til klubben å gi studentar eit volleyballtilbod på eit høveleg nivå for den enkelte student. Vi har mange spelarar i klubben som i sesongen 17/18 dominerte regional 2.divisjon, og vi er spesielt glade for at desse på nytt får høve til å spele i 1.divisjon. Med eitt års erfaring frå nivået står kjernen i laget no betre rusta framfor komande sesong. Det er også fleire ledige plassar på laget, slik at det kan kome påfyll av nye, ivrige og volleyballsvoltne studentar.

NTNUI er ein av dei mest markante aktørane i norsk toppvolleyball. Viss NTNUI 2 (herrer) lukkast i opprykkskvalifiseringa neste helg, vil NTNUI og Viking vere dei to einaste klubbane med fire lag i høgare divisjonar. Samtidig er NTNUI noko heilt unikt. Studentbyen Trondheim kan tilby det største studentvolleyballmiljøet i landet, og moglegheiten til å spele god volleyball ved sidan av det rike studietilbodet. Det er vi stolte av, og vil halde fram med å arbeide for i tida som kjem.

 

Vegard Buset, nestleiar/sportsleg leiar NTNUI Volleyball