NTNUI 2 (H2A) rykker opp til 1.divisjon

20/04/2019

Den planlagte kvalifiseringsturneringa for 1.divisjon, som skulle spelast i Ladehallen neste helg, er avlyst. Dette skjer fordi både BSI og VSI har trekt seg frå deltaking i turneringa. Dermed rykker NTNUI 2 opp, saman med Torvastad, Asker, Tromsø 2 og OSI 2.

Laget reagerer med blanda kjensler på nyheita. Opprykk har vore det klare hovudmålet gjennom heile sesongen, og ein er sjølvsagt veldig glade for å ha oppnådd det. Samstundes er det heilt klart keisamt å rykke opp «via mail». «Vi hadde sett fram til å delta i turneringa og verkeleg bevise at vi fortente plassen i 1.divisjon. No må vi vente med det til hausten, men vi har store planar om å slå hardt frå oss i 1.divisjon», seier laget.

Med dette opprykket er det no klart at NTNUI neste år har lag i både eliteserien og 1.divisjon både for menn og kvinner. Saman med TIF Viking er vi den einaste klubben i landet som har dette. Det er vi sjølvsagt veldig stolte av. Klubben ser fram til sesongen 2019/20, og at fire grønkledde lag skal prege dei øvste nasjonale seriane.

Vegard Buset, nestleiar/sportsleg leiar NTNUI Volleyball