NTNUI 2 – OSI (førehandsomtale og trenarkommentarar)

16/02/2019

Laurdag 16.februar klokka 13.00 er det NTNUI 2 – OSI i 1.divisjon kvinner. Møt opp på Dragvoll for å få med deg studentkampen!

Velkomen frå styret (ved nestleiar Vegard Buset)

Sist helg var ei verkeleg jubelhelg for NTNUI Volleyball. Ikkje mindre enn fire heimekampar for våre tre topplag, og alle fire enda med heimesiger. Det var artig å vere grøn på Dragvoll sist helg!

D1 tok sin første siger for sesongen mot TSI. Etter fem sett kunne dei endeleg juble over ha vunne. Laget klatra også forbi TSI på tabellen. Med to kampar mot nettopp TSI igjen ligg alt til rette for at laget skal kunne verte nummer fire i avdelinga og med det vere i ok posisjon til å kunne berge plassen i siste ranking. No er både sjølvtillit og speleglede enda høgare enn før, så det må vere lov å håpe det skal losne for laget no.

Elite imponerte i sin siger 3-1 mot Randaberg. Ein godt gjennomført kamp gjer at laget er nummer fem i grunnserien før dei siste kampane neste helg. Frå ishockeysporten er ein kjent med det såkalla “miracle on ice”. Elitedamene vil nok trenge eit lite mirakel på Sand for å kunne kapre fjerdeplassen, men det er ikkje forbode å håpe på! Uansett ser laget fram til å kjempe om semifinaleplass i sluttspelet når kvartfinalane spelast om to veker.

H1 slo Bergkameratene oppskriftsmessig 3-0 to gongar, og viste igjen fram den store skilnaden på topp og botn i årets 1.divisjon. Laget ligg eitt poeng bak Viking 2, men har to kampar mindre spelt. Denne avdelingssigeren skal vi ha, og det held å vinne tre av dei siste fire kampane. Klarer laget det, er dei i ein perfekt posisjon før siste ranking. Men både OSI og Spirit Lørenskog vil nok kjempe til siste slutt, så ingenting er klart før rankinghelga i Farsund!

Også denne helga er det mykje å glede seg til. Og da tenkjer eg ikkje berre på sesongpremiera på Heimebane, der praktfull sunnmørsk natur og velklingande sunnmørsdialekt kombinerast til å sjarmere det norske folk. Eg tenkjer også på kampen på Dragvoll i dag. NTNUI 2 mot OSI. D1 sin siste sjanse til å slå OSI. Vi håper alle gode ting er tre. Møt fram, støtt laget, og vis at det faktisk er noko i dette gamle ordtaket.

Hu og hei, og god kamp!

Trenarkommentar NTNUI (Ivar Råheim)

D1 møter idag OSI for tredje gang denne sesongen. OSI har stukket av med seieren begge de foregående kampene, men møter idag et heltent ntnui-lag som er klare for revansje. Vi tok vår første seier for sesongen forrige helg, noe som var utrolig viktig for både vår egen motivasjon og selvtillit. Nå er skuldrene senket og smilet tilbake. Vi vet at OSI stiller med et sterkt lag, men klarer vi å holde oss på toppnivået vi tidvis har vist glimt av er det stor sjanse for at seiersrekka fortsetter. Hu og hei og god kamp!

Trenarkommentar OSI (Kjell-Erik Kvamsdal)

Laget har trent veldig godt siden sist møte med NTNUI og ønsker selvsagt en gjentakelse av den kampens resultat!
Jeg forventer at damene i Trondheim har lagt ned en god innsats for å gjøre kampen enda jevnere enn sist – gleder meg til å se hva de har å stille opp med.

Personlig mål er å ta flere trener-poeng enn karene fra NTNUI og kommer derfor til å ta så mange time-outer som mulig.
Håper du som ser på syns det er en underholdene og morsom kamp; sees i hallen!

Tabell