NTNUI mot OSI i Oslo

16/11/2019

Det blir trøkk i hovudstaden i helga. Les kva leiarane i OSI og NTNUI Volleyball tenkjer om kampane som skal spelast i morgon.

Jon Arnesen angrip for NTNUI.
Foto: NTNUI/Nils Dittrich,

I helga er det duka for fleire kampar mellom to av dei mest fargerike klubbane i norsk toppvolleyball. OSI og NTNUI, frå dei to største studentidrettslaga i Noreg, skal barke saman i Oslo. Ikkje mindre enn tre kampar skal spelast i Oslo på søndag, og det er ingen tvil om at begge klubbar har lyst på alle poenga.

“Det er alltid spesielt å spele mot erkerivalen NTNUI. Vi driv med idrett der det er viktig å vinne. Det er dog enda viktigare å slå barten av våre vener frå Trøndelag,” seier Kjell-Erik Kvamsdal, leiar i OSI Volleyball og midtspelar på OSI sitt nyopprykka eliteserielag for menn. Leiar i NTNUI Volleyball, Sven Nygaard, er samd: “I slike kampar er det viktig å vise kva ein er laga av, både på bana og tribuna (utfordring til OSI!). Slike rivalkampar er med på å krydre idretten meir, og eg trur alle ser fram til kampane”, seier han. 

I tillegg til kampen i Mizunoligaen for menn skal det spelast kampar i 1.divisjon for begge kjønn. OSI 2 – NTNUI 2 for menn, OSI – NTNUI 2 for kvinner. Damelaget til OSI rykka ned i 2018, men er rekna som ein av dei aller største favorittane til å rykke opp igjen frå årets 1.divisjon. Dei imponerte mellom anna i cupen, der dei slo ut topplaget Skjetten i 2.runde. Kvamsdal, som også trente dette laget i fjor, seier han ikkje har vore involvert i sesongmålsetninga til laget i år. “Men kjenner eg damene rett, ynskjer dei å prestere godt og å vinne flest mogleg kampar, samstundes som dei har det 10/10 gøy,” held han fram.

NTNUI 2 har også starta sesongen godt. Kva tenkjer Nygaard om det? “Det er ikkje tilfeldig at D1 har starta så godt. Det er ei lærevillig gruppe med eit stort konkurranseinstinkt. Elias (Vølstad Bogen, trenar) har mykje volleyballkunnskapar, og har fått mykje ut av gruppa,” oppsummerer leiaren. Som dermed deler det inntrykket eg har hatt frå tribuna. Eg er heller ikkje åleine om å vere spent på korleis det går når laget no skal teste seg mot opprykksfavorittane Skjetten og OSI. “Det er framleis rom for utvikling, og eg gleder meg til å sjå om jentene tek utfordringa og viser at dei vil vere med i toppen”, seier Nygaard vidare.

Kampen det er knytt størst forventingar til er nok herrekampen i Mizunoligaen. Endeleg skal OSI og NTNUI møtast på toppnivå igjen. Dei to laga dominerte fullstendig i  1.divisjon i fjor. Kampen mellom dei to i Farsund vart eit verdig punktum for konseptet rankingturnering i 1.divisjon, som elles såg ut til å døy langsamt og pinefullt gjennom den siste sesongen. Det kulminerte altså med at begge lag rykka opp. og no altså skal møtast på toppnivå.

“Målet for helga er å banke NTNUI!”, seier Kvamsdal. Og diverre, sett med grøne augo, er det nok mest sannsynleg at OSI vinn. NTNUI har sakna sin skadde toppskårar Arjan Festøy i angrep dei siste vekene, samstundes med at OSI har imponert både med å ta poeng mot Viking og med å spele seg fram til semifinale i cupen. Sterk fysikk og ei trygg mottaksrekke har vore styrker for oslolaget hittil i sesongen, og no verkar også hovuda å ha tilpassa seg elitenivået, med kortare “downperiodar”.

Så er spørsmålet da, kan vi få eit studentlag til semifinale i cupen? Etter at NTNUI tapte kvartfinala sist helg er det einaste håpet OSI. Dei skal møte topplaget Viking i semifinale, og kva tankar gjer Kvamsdal seg om dei kampane? “Vi kan slå Viking! Sist kamp var vi gode i tre sett, og tapte 2-3. Det blir tøffe kampar. Men klarer vi å stabilisere spelet vårt meir, så kan alt skje.”

Men før den tid er det altså studentoppgjer. Og korleis går det eigentleg i kampane i helga? Eg spør begge leiarane, og det er Kvamsdal som svarar først: “OSI vinn to av kampane. Det er viktig å ikkje knuse motstandaren så hardt at dei ikkje kjem tilbake.” Ei haldning så smålåten at ein skulle tru tida i storbyen har fått han til å gløyme sine vestlandske aner, altså. Heldigvis er Sven Nygaard langt mindre smålåten: “Eg har stor tru på laga våre. Vi gir OSI kamp til døra og litt til. Det blir tre bortesigrar og jubel heilt til Trondheim!” Tid får vise kven som får rett.

Uansett utfall er det stor grunn til å tru at det blir oppturar, nedturar, jubel, samarbeid og litt temperament. Alt det som til saman er med på å byggje opp under dette eine ordet: Idrettsglede. Som er ein verdi både Nygaard og Kvamsdal legg tydeleg vekt på at er viktig for dei, og ein motivasjonsfaktor for å ta på seg dei frivillege verva dei har gjort. Engasjement er eit anna ord dei begge trekk fram for å skildre kvifor dei trivst så godt i studentidretten.

“Det har vore fantastisk å vere ein del av engasjementet i og rundt NTNUI Volleyball. Det er så mange som brenn for volleyballgruppa, og legg til rette for at studentane skal trivast der. Dei beste augeblikka i studietida mi har vore i volleyballgruppa, og det har vore ei ære å få lov til å leggje til rette for at andre skal oppeve det same,” seier Nygaard.

“Det beste med OSI er menneska i klubben,” slår Kvamsdal fast. “Det er ei energibombe av ein klubb full av flotte folk som diggar volleyball.” Han fortel vidare at det har vore mange kjekke utfordringar som leiar av klubben. “Eg har lært å sette pris på det store frivillege arbeidet som gjerast i norsk idrett. Det gjerast ei uvurderleg jobb av studentar i norske studentidrettslag,” er hans klare vurdering. Sven Nygaard legg til at også i NTNUI er det fellesskapet som er det aller beste, som gjer at han får møte så mange menneske som “gjer så utruleg mykje for at NTNUI er så fantastisk å vere ein del av.”

Så spørs det på søndag. Begge klubbar vil vinne, og begge klubbar vil ha artige kampar. “Lykke til! NTNUI er alltid velkomne til Oslo”, avslutter Kvamsdal. Nygaard på si side gjengjelder lykkeønskinga, og legg til at han er veldig spent på kampane og arrangementet. Det er eg og. Dette blir artig!


Vegard Buset
16.november 2019
vegard.buset@ntnui.no

 

Tabell Mizunoligaen menn

 

Tabell 1.divisjon kvinner

Tabell 1.divisjon menn

 

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.