NTNUI og Jon Arnesen er tilbake – fullt fokus på Førde først

04/10/2019

Det er ikkje mange som har vore så lenge på topplaget til NTNUI som Jon Arnesen. Den beskjedne kantspelaren frå Hoston har vore med på å rykke både opp og ned frå eliteserien. han har trent lag i klubben, og han har hatt styreverv. Hausten 2017 vart han utnemnt til ridder av NTNUI’s orden, på bakgrunn av hans bidrag både på og utanfor bana. No har han rykka opp igjen. Til Mizunoligaen, eliteserien. Der han høyrer heime. Og der laget også vil vise at dei høyrer heime.

Kva er den største skilnaden på eliteserien og 1.divisjon?
“Det er sjølvsagt høgare nivå. Teknisk, men spesielt også fysisk. Det er betre rammer rundt kampane og serien, og eg synest rett og slett det er mykje meir morosamt å spele i eliteserien.” Jon er tydeleg på at det er eit steg opp, og at dette blir heilt andre bollar enn fjorårets parademarsj av ein sesong. Men korleis er årets lag? Er dei klare for å ta eit nytt steg? “Vi har trent godt i oppkøyringa. Vi har trent ball sidan august, og hatt eit sterkt fokus på styrketrening i sommar, mellom anna med felles treningsdagbok. Mange har gjort jobben her, så det ser bra ut. Elles er det viktig at vi har beholdt mykje av stammen frå dei to siste åra, samtidig som vi også har fått opp spelarar frå eigne rekker.”

Og i eigne rekker gror det framleis. I år har NTNUI lag i eliteserien og 1.divisjon både for kvinner og menn, og er saman med TIF Viking den einaste klubben i landet som har det. “Dette er noko klubben bør vere stolte av”, meiner Jon. “Fleire spelarar får sjansen til å prøve seg på eit høgare nivå, og alle som vil kombinere studiar og toppvolleyball får høve til det”.

Og i år har også Jon høve til å kunne spele toppvolleyball. I fjor var han nemleg ein av fleire spelarar på herrelaget som sleit kraftig med kyssesjuka. Så det er naturleg for meg å lure på om Jon føler seg heilt klar for den nye sesongen. “Ja, eg er absolutt frisk igjen no. Forma byrjar også å bli brukbar, så eg satsar på å få trent godt gjennom sesongen, og å halde meg skadefri.” Og treninga til no er han som nevnt godt nøgd med. Vidare fortel Jon at laget har fått spelt oppkøyringskampar både i midtnordisk og i eliteturneringa i Volda. Spesielt den siste turneringa vil Jon gjerne trekke fram.

“Det var ei veldig fin gjennomkøyring før seriestart, mot dei tre antatt sterkaste laga i serien. Vi gjorde ei god figur, og er nøgd med resultata der. Kudos til Leif Røv og KFUM Volda som arrangørar.” Kva er målet for sesongen vidare da? “Vi vil til sluttspelet i serien, og vi vil til semifinala i cupen”, seier Jon, som også kan avsløre at han har eit personleg mål for sesongen: “Ja, eg skal blokke ned Sigurd (Festøy).”

Sigurd Festøy skal for andre år på rad spele for Koll, som heilt klart er blant dei største gullfavorittane. Men kven trur Jon vinn ligaen? “Eg held ein knapp på Viking i år. Med Koll som største utfordrar, eg trur ikkje Førde når heilt opp i år,” svarar han og held fram: “Tromsø er nok ein dark horse i år, som David Cox ville sagt”. Men Førde trur han altså ikkje når heilt opp. Betyr det at NTNUI kan overraske den regjerande cupvinnaren i ettermiddag?

“Førde er eit teknisk godt lag. Dei har god oppleggar og god libero. Men samtidig så er dei midt i eit generasjonsskifte med ein del forholdsvis ferske spelarar. Så eg trur på ein jamn kamp mot eit lag det er morosamt å møte”, spår Jon. Og har nok heilt rett i at det kan bli artig. Få klubbar har så gode volleyballtradisjonar som Førde, ein dominant klubb i norsk herrevolleyball gjennom mange år. Eller kanskje NTHI og NTNUI.

Og da passer det godt da, at studentlaget er tilbake på øverste nivå. Der dei meiner dei høyrer heime. Klare for første kamp, for første utfordring. Den utfordringa heiter altså Førde, og står i Dragvollhallen laurdag klokka 14.00. Det håper Jon og eg at du også gjer. For i år blir det mykje bra volleyball på Dragvoll. Dei grøne draktene er tilbake på rett hylle.


Vegard Buset
5.oktober 2019
vegard.buset@ntnui.no


Kommentarer

  1. Atle Stølhsuh - 05/10/2019 på 22:20

    Jon Arnesen. Suveren på og utafor banen. Flott å sjå at du blir satt pris på

    Svar
  2. Atle Stølhaug - 05/10/2019 på 22:21

    Jon Arnesen. Suveren på og utafor banen. Flott å sjå at du blir satt pris på

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.