NTNUI – Randaberg 0-3 – stor skilnad på laga

06/10/2019

Etter å ha slått Førde i serieopninga var NTNUI spente på kva dei kunne få til mot Randaberg. Randaberg har fått inn fleire nye spelarar, og blant dei aller største favorittane i årets serie. Heimepublikum hadde likevel eit lite håp om å få rysta serieleiaren ein tidleg søndagsmorgon på Dragvoll.

Det håpet vart diverre fort knust. NTNUI opna godt, og heldt følgje til 10-10. Da kom tidlegare NTNUI-spelar, og no sivilingeniør, Lise Berit Rugland på serv. Som så mange gongar før ga ho seg ikkje med ein serv, og serverekka punkterte i grunn det første settet. I dei to neste var NTNUI bak heile vegen, og tapte til slutt klart med 0-3 (15-25, 14-25, 16-25).

Thea Hestnes vart toppscorer for NTNUI med sju poeng, derav heile fire kom i det første settet. God serving frå Randaberg sette NTNUI under høgt press, gjorde at midtspelarane ikkje slapp til så mykje som ønska, og gjorde blokkoppgåva enklare for bortelaget. Spesielt synd var det at storesøster Marita Hestnes, som spelte ein solid angrepskamp laurdag, ikkje kom så mykje med i spelet mot det sterke Randaberg-laget.

Randaberg vil nok bli å sjå høgt oppe på tabellen i år. Dei har dei to beste oppleggarane frå fjorårets serie i Rugland og Live Sørbø, og begge dei to slår såpass hardt at eit toleggarsystem fort kan bli introdusert i løpet av sesongen. Tuva Aarrestad vart toppscorar i kampen med 16 poeng, og spelte solid gjennom størsteparten av kampen. Godt mottaksspel av landslagslibero Kari Vølstad Bogen var også med på å forsterke inntrykket av Randaberg som eit solid lag.

For NTNUI vart det altså eit forventa tap. Ein står no med to poeng på dei første to kampane, og går nye utfordringar i møte borte mot Oslo og Koll neste helg. Det kan bli spanande å sjå korleis serien utviklar seg vidare, og korleis spelet kjem til å sette seg etter kvart. Den førebelse tabellen ligg nederst på sida her.

Foto: NTNUI/Nils Dittrich


Vegard Buset
6.oktober 2019
vegard.buset@ntnui.no


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

© NTNUI Volleyball 2016