Opne sandvolleyballturneringar – kvar veke!

01/08/2019

I tida framover vil NTNUI tilby sandvolleyballturneringar kvar veke. Turneringane er opne for alle som ynskjer å delta, uavhengig av om ein er medlem av NTNUI. Det koster kun 100 kroner pr. lag å delta i ei turnering.

Den første turneringa spelast torsdag 15.august i Dødens Dal. Etter det vil vi i hovudsak ta sikte på onsdagsturneringar, ettersom vi fram til 1.oktober ikkje har halltid innendørs på onsdagar. Påmelding til dei ulike turneringane finn du her.

Turneringane kjem til å vare så lenge det er nok interesse for dei. Etter kvart vil UKA ta over Dødens Dal, og da vil moglegheitane for eit samarbeid med Trondheim Sandvolleyballklubb på Lade bli undersøkt.

Med NVBF sin grunnlisens (200 kroner) kan ein spele så mange slike turneringar ein vil. For spørsmål om lisensbetaling, send mail til volleyball-nestleder@ntnui.no .

 

Foto: Fredrik Kjemperud Olsen (NTNUI)