(PRESSEMELDING) – nye hovudtrenarar for D-Elite er klare

04/05/2019

NTNUI Volleyball er glade for å kunne annonsere at trenarteamet for damelaget i Eliteserien Mizunoligaen er på plass for sesongen 2019/20. Brørne Herman og Eirik Palm Hunnestad blir høvesvis hovudtrenar og assistenttrenar for laget, og begge har skrive under på eittårskontrakt med klubben. Kontrakta har oppstart 2.juli, og dei tek då over for Vegard Buset og Ivar Råheim.

Herman har lang volleyballerfaring og har vore med i klubben sidan 2014. Han har ein bachelor i volleyball frå Høgskulen i Telemark. Han har tidlegare hatt fleire trenarverv både i NTNUI og i andre klubbar. Dei siste åra har Herman bidrege inn mot oppleggartreninga i klubben, og har også hatt lagleiaransvar for lag i lågare divisjonar under enkelte turneringar. Dette blir hans første trenarjobb i eliteserien.

Eirik har tidlegare trena NTNUI 2 i 2.divisjon sesongen 16/17, og har i årets sesong trena NTNUI 7 i 3.divisjon. Han har spelarerfaring frå fire sesongar i 1.divisjon for klubben, og har også vore veldig engasjert i klubbdrifta. Eirik var i to år kasserer for volleyballgruppa, og var mellom 2017 og 2019 nestleiar i heile NTNUI. Dette inkluderer også ei periode som fungerande leiar for klubben, med over 16 000 medlemmar, hausten 2017. Eirik vil kombinere trenarvervet med å arbeide som idrettskonsulent i SiT Trening.

Damelaget rykka opp til eliteserien i 2017, og har i begge sine to første sesongar der enda på 5.plass av dei åtte laga. Som vanleg i studentidretten vil det bli utskiftningar i spelarstallen til hausten, så dei nye trenarane får gode moglegheiter for å forme eit nytt lag og ein ny spelestil.

Vi er glade for å få inn Herman og Eirik som trenarar. Få i klubben kan volleyball betre enn Herman, og ingen i klubben kan NTNUI betre enn Eirik. Vi har stor tru på at dei saman kan leggje til rette for mykje idrettsglede og god volleyball i den komande eliteseriesesongen.

Styret i NTNUI Volleyball


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.