Ranking 3 for H1

03/04/2017
Årets siste ranking

Denne helga reiste H1 til Askim for å delta i den siste av dei tre rankingturneringane i årets førstedivisjon. Grunna svake resultater i serien, var vi i praksis ute av medaljekampen allereie før turneringa. Det ambisiøse målet for turneringa vart difor å gjere som vi gjorde i Førde før jul, og vinne alle kampane.

Bilturen fredag gjekk frå solfylte Trondheim til eit regntungt Austland. Dette var heilt nytt terreng for dei to rogalendingane våre, som begge nytta høvet til å ta ein mer eller mindre frivilleg sightseeing i to austlandsbygder. Vi får håpe for Haakon Lie sin del at stadsansen er betre når han flytter til Austlandet i haust.. Men heller ikkje austlendingane våre hadde ein problemfri tur. Magnus gjorde etter kvart den oppdaginga at leigebilane våre kom utan reservedekk. Ei heller ugunstig oppdaging når ein står med punktert hjul ein sein fredagskveld.

Laurdag

Laurdag morgon mangla vi framleis dei tre som hadde punktert kvelden før. Magnus, Kjartan og Rune låg heime og sov medan resten førebudde seg til første kamp. Motstandar var Sunnfjord. Eit viktig fokusområde var å kome i gong med serving på kortbane, og at alle skulle rekke å finne serverytma si. Diverre for Ivar starta han i posisjon 6, og då settet vart blåst av på stillinga 25-5 til oss, hadde han framleis ikkje klart å rotere seg bak på serveplass. Så mykje for å kome i gong på serv. I andresett var Sunnfjord meir med, sjølv om vi framleis hadde god kontroll og vann med 25- 21.

Då kampen mot Vestli starta hadde vi endeleg alle i hallen. Med heile 13 spelarar tilgjengeleg kunne vi rotere ein god del i dei to neste kampane. Vestli slo vi kontrollert 2-0 med 25-21, 25-17, før kampen mot Viking 2 enda med siger 2-1 (25-18, 13-25, 16-14). Som settsiffera kanskje fortel den matematisk kyndige ingeniørstudent, var dette ein merkeleg kamp. Etter å ha vunne førstesett var vi sikra puljesiger, noko som tydeleg påverka spelet i andresett. Men etter å ha innsett at det ikkje er gøy å tape, klarte vi å heve spelet før sistesettet, og eg følte vi hadde rimeleg grei kontroll, sjølv om vi berre vann 16-14. Viking-trenar og NTNUI-legende Doktor Ridder Thomas Wold hadde sjølvsagt full kontroll, og Viking kom seg vidare som puljetoar sjølv om det lenge såg stygt ut for dei.

I kvartfinala skulle vi tradisjonen tru møte Austrått. Det unge rogalandslaget var ferske noregsmeistar på U19-nivå, og sjølvsagt lystne på å slå oss i forsøk nummer tre. Kampen opna godt for vår del med siger 25-20 i førstesettet, men gjennom andresettet slo midtspelarane deira stadig meir inn. Austrått fekk ei luke som vi klarte å ta inn heilt på slutten, men dei tok det nødvendige poenget i poengspel til å vinne 25-27. Dermed vart det tie-break. Eit tie-break som eigentleg ikkje vart særleg spanande. Austrått verka noko slitne, og vi fekk 8-2 ved sidebytte. Den leiinga ga vi ikkje fra oss, med 15-10 kunne vi juble over nok ein semifinaleplass. Vi er det einaste laget som har vore i alle tre semifinalane denne sesongen!

Søndag

Søndags morgon var det klart for ein ny storkamp. Oss mot Stod. For Stod var reknestykket enkelt. Vann dei, ville dei vere sikre seriemeisterskap og opprykk. For oss var det ikkje så mykje å rekne på (diverre, for vi likar å rekne). Vi ville berre vinne kampen. Det byrja ikkje bra, Stod vann 25-22 i eit førstesett der begge lag gjorde mykje feil. Stod var nervøse, medan vi rett og slett ikkje fekk spelet til å sitte. Kanskje var det vissa om at opprykket var nært forståande som gjorde det, kanskje ikkje, men i andresett kollapsa nordtrønderane heilt. Vi vann heile 25-13, etter at spelet verkeleg løsna. Dermed var det klart for årets siste tie-break. Vi kom tidleg under, men kriga oss ajour til sidebytte. Men i det vi leia med 10-9 tapte vi tre ballar på rad, noko som gjorde at Stod fekk eit forsprang dei diverre aldri ga frå seg. Med 15-13 kunne dei juble over siger og opprykk, medan vi sto skuffa att. Vi gratulerer Stod så mykje med opprykket, og takkar for fire morosame kampar i inneverande sesong.

Vi var djupt skuffa etter tapet mot Stod. Håpet om turneringssiger var ute, alt som sto att var moglegheiten for å vinne bronsefinala. Motstandar var heimelaget Askim. Det var grønt mot gult og ein fargerik kamp. Begge lag hadde meir å gå på, men vi var sterkast, og vann med 25-23,25-22. Ei fin avslutning på årets siste kamp, og for fleire deira siste kamp for NTNUI. Vi takkar for ei flott helg, og takkar foreldra til Tutt og Magnus for at vi fekk bu og ete i Ås og Bærum!

Takk for oss

Sesongen er no over, og vi står att med ein sur fjerdeplass. Dårlege seriekampar har øydelagt for oss, og vi får akkurat ikkje medalje. I rankingturneringane er vi som nevnt det einaste laget som har vore i alle semifinalane. Med 156 poeng har vi tatt flest poeng av alle i ranking, tre fleire enn Stod. Og som Fredrik påpeika før helga, vi har ikkje ein negativ statistikk mot nokon av motstandarane våre. Vi har vunne ei ranking, og vi har 14 spelarar på laget som alle held eit høgt nivå.

Kva som skjer neste år er vanskeleg å seie. Nokre er ferdig med studiane, og vender nasen mot andre delar av landet. Nokre vil truleg ta steget opp på elitenivå, medan mange vil halde fram i klubben. Det vil også kome nye spelarar til byen, og eg oppmodar flest mogleg til å kome på uttak i august. Det vil verte spanande å sjå kva som skjer til hausten, men eg trur eg kan love mange spanande kampar på Dragvoll!

Uansett har vi hatt ein fantastisk sesong. Vi har vore eit lag som har trivdast godt saman, både på og utanfor bana. Vi har hatt gode sportslege prestasjonar og ei god stemning internt. Vi har hatt flinke trenarar, Sjur Godø og Rune Hamnes, som har stilt opp og hjelpt oss til å verte betre spelarar. Vi har hatt gode treningsøkter der vi saman har arbeidd mot dei felles måla vi sette før sesongen. Og sjølv om siste smash er slått, siste leigebil levert på Sixt Tempe og siste mottaksrekord har vorte slått, så er vi ikkje heilt ferdige enda. Vi skal framleis spele volleyball. Og ikkje minst ha H1 sin faste tacotysdag, kvar tysdag klokka 16.00 i Hangaren på Gløshaugen.

Takk for i år.
Hu og hei!