REISEBREV – D1 på Austlandet

25/11/2018

D1 på tur til Skjetten

Om folk som kjem seint til flyplassen, turistattraksjonar i Lillestrøm, teiping av tomlar og Bjørn Wirkola. Og ein volleyballkamp da.

I mitt førre reisebrev skildra eg korleis eg møtte ei vaken og opplagt Anette på busstoppet. Det gjorde eg ikkje denne gongen. Ho tek sikkert neste buss, og eg uroa meg ikkje meir over det. Der tok eg feil. Ho rakk nemleg ikkje den heller. Fem minutt etter at boarding stengte var situasjonen den at heile laget sat på flyet med unntak av Anette, oppleggaren. Ho sto ved innsjekkingsskranka til Norwegian og fekk beskjed om at ho ikkje fekk lov å flyge.

Her var gode råd dyre. Sentrale volleyballteoretikarar har peika på at oppleggaren er ein viktig del av spelet, så her kunne kampplanen vår fort gå rett i vasken. Men Veslemøy tok grep. Ho viste at ho er flinkare som reiseansvarleg enn til å passe på lommeboka si, og overtalte flypersonellet til å vente på ei Anette som kom springande i full fart. Då oppleggaren andpusten og i aller siste liten sette seg ned på sete 5A vart ho møtt med velfortjent hånleg latter. Samtidig burde ho også fått ironisk applaus og spydige kommentarar, men diverre var lagvenninene litt for trøytte for dette. Her har vi heilt klart noko å gå på.

Likevel kom flyet av gårde på rutetid. Vonleg har alle på laget lært å vere ute i god tid! Og ute i god tid var vi definitivt då vi skulle til Skjetten. Klokka 09.00 gjekk ti grønkledde om bord på ein lokalbuss i Lillestrøm, klar for å ta oss til Skjettenhallen. Reiseavstanden dit? Om lag seks minutt. Når opna hallen? Rundt halv elleve. Temperaturen ute? På den blå sida av null. Då reiseansvarleg innsåg dette, fekk vi det travelt med å kome oss av bussen, og iverksette ei spontan evakuering av bussen berre nokre sekund før avgang. Vi beklagar ovanfor den hyggelege bussjåføren at han fekk kundetalet sitt over halvert i løpet av få sekund.

No hadde vi altså ein heil time å slå i hel i Lillestrøm. Det er vanskelegare enn ein skulle tru. Halvparten av oss tok ein sightseeing-tur gjennom sentrum, og såg på det Lillestrøm har å by på av turistattraksjonar. Det vart med andre ord ein kort tur. Tilbake på trafikknutepunktet konkludere nokre av oss med at det mest spanande med Lillestrøm var om Narvesen på togstasjonen når målet sitt om å selje 75 000 koppar kaffi i løpet av året. Vi ynskjer dei lykke til, sjølv om vi neppe tek turen til Lillestrøm igjen med det første.

Til slutt kom vi oss endeleg til hallen. Her gjekk vi straks i gang med ei nøye planlagt førebuing. Allereie tysdag innsåg vi at for at Amalie skulle kunne ta fingerslag, måtte den forstua tommelen hennar verte teipa. Grundig. I mangel på erfarne teiparar, vart det konkludert med at Jannike var den flinkaste teiparen på laget, så ho fekk tildelt denne oppgåva allereie på tysdag. Ho hadde med andre ord god tid å førebu seg, og hadde sett fleire Youtube-tutorials for å verkeleg verte klar.

Teipejobben vart gjort grundig. Etter boka. Fingeren vart støtta veldig godt opp, og teipen sat godt. Det var ei vellukka teiperunde, sjølv om Jannike meina det tok litt vel lang tid. Men godt nøgde kunne vi konkludere med at Amalie var klar for å spele. Vi skrur klokka fram til ein halvtime før kampstart. Spelarane er klare for å byrje og slå ball. Med eit unntak. Amalie. Ho går, så forsiktig som ho klarer, bort til Jannike og informerer om følgjande: Vi har teipa feil tommel.

Plutseleg starta kampen. Ingen spelar/dommar-presentasjonar, innmarsj, musikk eller liknande ga oss noko hint om det, så eg vart moderat overraska då første ball gjekk. Lydnivået mellom ballvekslingane var i starten på nivå med Trondheim Spektrum klokka 08.58 ein vilkårleg kvardag i desember. Det var dødt. Kontrasten til arrangementet i Tromsø kunne ikkje vore stort større. Her hadde Skjetten Volleyball fått oppleve korleis det er å, for å bruke Ingrid sine ord, «hoppe etter Vrikkola». Den manglande ramma rundt kampen var heilt klart ei uvant oppleving for dei av oss med bakgrunn frå klubbar som NTNUI, Blindheim, Dristug og så vidare, men også noko som må lærast og opplevast! Her ynskjer eg likevel å utfordre NTV og NVBF på å stille høgare krav til arrangement i 1.divisjon, som er definert inn som ein del av norsk toppvolleyball. Eg er sikker på at Skjetten (og andre lag i 1.divisjon som har eit avslappa forhold til å arrangere kampar) kunne fått til gode arrangement om dei vart oppmoda til å prøve!

Vi fylte tomrommet med godt spel og høgt lydnivå, og tok førstesettet med 25-21 etter godt servepress, sterkt mottaksspel, og grei uttelling i resten av spelet. Og ein del motstandarfeil. Dette var vår første settsiger i 1.divisjon, og attpåtil mot eit topplag som Skjetten. I resten av kampen spelte vi også godt. Skjetten kom sterkare tilbake, og viste at dei høyrer til i toppen av 1.divisjon. Med unnatak av ei lang serverekke i andresettet unngjekk vi likevel dei dårlege periodene, og Skjetten måtte kjempe for sigeren, spesielt i det fjerde settet.

Kampen enda med tap 1-3, og eg kjente på at eg var litt skuffa. Her hadde vi gode moglegheiter til både å ta poeng og å vinne kampen. Dette er eit godt teikn. Eit teikn på at laget har vore i utvikling og at spelarane spelar betre SAMAN enn vi gjorde tidlegare i sesongen. Den første sigeren kjem stadig nærare, og eg trur ikkje NTNUI 2 vert eit artig lag å møte i vårsesongen! Mot Skjetten syntes eg alle fylte si rolle i laget og gjorde si arbeidsoppgåve godt. Gjer vi dei arbeidsoppgåvene enda betre, er vi gode nok til å slå dei aller fleste i 1.divisjon.

No gler vi oss til heimekampar i Dragvollhallen. Årets serieoppsett er nesten like merkeleg som det frå i fjor, så vi har opna med fire bortekampar. No gjenstår åtte kampar, seks av dei på heimebane. Den første av dei mot topplaget Tromsø den 16.desmber. Vi gler oss!

Men turen var ikkje over enda. Vi måtte heim også. Alle austlendingane våre forsvann på familemiddagar eller -lunsjar, så vi var tre vestlendingar og to trøndarar som skulle finne vegen frå Skjetten til Gardermoen. Det gjekk sånn måteleg bra. Eg vart fanga av ei bussdør som slo seg vrang og lukka seg igjen medan eg gjekk gjennom ho. Deretter gjekk eg på ei glasdør på Peppes Pizza i Lillestrøm. Ein restaurant som for øvrig fekk nyttige tilbakemeldingar på maten sin frå Amalie, som serverte servitøren følgjande kommentar: «Kvifor er pizzaen så rar og firkanta?»

På Gardermoen møtte vi nesten heile resten av laget. Veslemøy, Gina og Anette skulle alle bli igjen på Austlandet, av uforståelege årsaker. Eller for Anette er det ganske forståeleg, det er jo vanskeleg nok å rekke eitt fly på ein dag!

Vi er no tilbake i Trondheim, klare for å trene fram mot Tromsø-kampen. Der håper vi publikum møter opp og gir jentene den støtta dei fortener. Dette er eit herleg lag å trene, samarbeide med og reise på tur med. Det er eit lag med spelarar som representerer noko av det finaste ved NTNUI Volleyball. Elleve av dei spelte i 2.divisjon i fjor, fem av dei har spelt 3.divisjon i NTNUI. Det er mogleg for studentar å bli betre i volleyball samtidig som ein er ein del av eit herleg miljø. Og ikkje minst bidreg til det herlege miljøet. Over halvparten av dei 15 spelarane på laget er trenarar for eit lag i klubben i lågare divisjonar. Dette i tillegg til å studere fulltid og å reise landet rundt for å spele 1.divisjon.

Hu og hei!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.