Reisebrev – elite på tur

24/01/2022

Det har vore tøffe tider for dei mange reisebreventusiastane i vårt langstrekte land. Dei einaste som har fått kome og gått nokon stad er stadig nye restriksjonar og tiltak. Så då utfordringa om å kvesse tastaturet og leite febrilsk etter gamle kunstar dukka opp, klarte eg sjølvsagt ikkje å seie nei. I pedagogikken fokuserer ein mykje på dei negative sidene ved gruppepress, men jammen kan det vere effektivt også!

 

Det var litt tilfeldig at det var eg som skulle bli med D-Elite på Dovrebanen sørover til Oslo sist helg. I ein kjend amerikansk film heiter det at livet er som ei konfekteske, og denne veka trekte dei andre trenarane ut konfektbiten som inneheldt karantene og å miste kampen mot Oslo. Dermed måtte den, i alle fall delvis, trenaravskilta Vegard igjen finne fram den grøne jakka og reise mot det kalde Austlandet. Heldigvis følger vi ein stolt tradisjon i Trondheim ved at gamle trenarar framleis har mykje dei skulle ha sagt.

 

På toget sørover sat ni grønkledde med klare ambisjonar. Vi ville vise Oslo Volley at vi framleis kunne spele volleyball, og helst slå dei for andre gong denne sesongen. Ivrige etter å vise hovudstadsfolket at Trøndelag har meir å by på enn Ingvild Kjerkol på Debatten og sleivete kommentarar frå Emil Iversen, var stemninga i laget høg på toget. Med Anna som quizmaster rasa vi gjennom 250 spørsmål på vegen. Nivået var jamt over høgt, samstundes som nivået på dei gale svara sytte for underhaldning og humring også for presumptivt uskuldige medpassasjerar.

 

I sentrum av Oslo fann vi også Johanna, som slutta seg til troppane akkurat i det vi fekk ei ny utfordring. Fenomenet som av somme musikarar har blitt skildra som «himmelsk korrekturlakk» er hakket mindre himmelsk når det er motbakke, glatt og Nina hinkar rundt på krykker. Kaldt var det også, og gode råd var nesten like dyre som straumen i området. Fram kom vi da likevel, etter litt hjelp av Mathilde og ein bil. Nina fekk også hinka seg opp trappa, slik at vi alle kunne ta plass heime hjå Mathilde. Min spontane reaksjon på kor varme og trivelege stueveggane var vart møtt med forakteleg fnysing og malplassert skepsis til mine interiørkunnskapar av dei fleste. Alt var altså slik det skal vere i eit lag. Men eg vil likevel, no også i skriftleg form, gjenta mi utsegn om at det var både fint, koseleg og hyggeleg, og vi er takksame for å ha fått budd hjå Mathilde heile helga!

 

Det vart både laurdag og kampdag, og vi var tidleg på plass i Nydalen. NTNUI har slitt mykje i den hallen dei siste åra, og det er ikkje komfortabelt å stå i mottak i han. Vi fekk heldigvis førebudd oss godt, og bra var det. For det var eit stort servepress som møtte oss i starten. Oslo vann førstesett, og uroa spreidde seg litt. Ting stemte ikkje heilt, og det gjorde dei heller ikkje i andresettet. Før vi låg under 19-10, for da snudde det. Det skal sjølvsagt ikkje skje, og vi veit heller ikkje heilt kva som skjedde. Vi sto godt i mottak, vi hadde eit høgt servepress, vi gjorde lite feil, og Oslo rakna fullstendig. Alt dette må skje samtidig for å snu 10-19 til 25-22, og alt dette skjedde. Det var 1-1, vi hadde von, Oslo hadde frykt. Mentalt var vi no der vi vil vere. Å miste ei slik leiing som Oslo gjorde er som å gå inn i ein langrennsspurt med Petter Northug i ryggen, du kan framleis vinne, men du frykter også det som kan kome.

 

I tredjesett synest eg vi rota litt meir, men vi tok det likevel med 26-24. Då leia vi 2-1, og smila vart stadig større. Og enda større var dei då vi hadde vunne 3-1, og sikra oss alle tre poenga. Utruleg artig, og nok ein sterk prestasjon. To sigrar mot Oslo Volley på ein sesong er sjeldan kost, dei kjem nok til å klatre på tabellen gjennom våren, og det kan fort ende med at vi møtast igjen i sluttspelkvartifinala. Då skal vi gjere vårt for å ta vår tredje siger mot Oslo, som er eit veldig artig lag å spele mot, mykje fordi dei spelar så ryddig volleyball.

 

Tilbake på parkeringa til Mathilde starta vi ein stor brøytedugnad, for å rydde parkeringsplassen og gjere rom for biltransport. Her vart det tydeleg at i alle fall Anna hadde brukt alt sitt fokus under kampen. I mangel på betre stader å gjere av eit uvanleg stort spadelass med snø, valde ho å slenge snøen gjennom lufta med stor kraft, slik at snøen flaug gjennom lufta i høg fart. Heilt til han trefte meg i trynet. Våt, kald og noko perpleks såg eg meg forvirra rundt. Dette er slikt som kan skje når ein er på bortetur med eit idrettslag. Slike opplevingar er artige, og slike turopplevingar har eg sakna. Dette er ein del av det å drive lagidrett, og noko det er synd at ein så stor del av norsk idrettsungdom har gått glipp av dei siste åra. Den gleda og det fellesskapet som oppstår når ein opplever merkelege, komiske eller minneverdige ting på tur saman med laget.

 

Fullt så minneverdig vart ikkje denne laurdagskvelden. Den viktige sigeren og den gode tacoen bidrog sterkt til at nesten alle hadde funne sine respektive senger allereie klokka 10. Dermed måtte neste del av lagbygginga sparast til neste morgon. Emilie bidrog her både med sjølvopplevd innsikt i korleis ein må springe for å rekke bussen i Bergen, og korleis det er lurt å takle spektakulære fall på glatt brustein i desse tilfella. God fallteknikk på sykkel kunne ho også instruere oss i, som del av ei utruleg historie som enda med at ein ikkje ukjend volleyballtrenar og tidlegare lensmann i Førde måtte reparere den særs så trafikkfarlege sykkelen Emilie brukte som framkomstmiddel under si tid i Sunnfjord.

 

Etter å ha lært av Emilie, valde vi å korkje gå eller sykle heim. Det vart fly, men då måtte vi først ta flytog. Dei av oss som først kom fram til flytoget var litt i tvil om kva vogn vi skulle velje, det kunne jo vere litt deilig med stillevogna etter ei slitsam helg? Det var då vi såg Marte og Emilie kome gåande mot oss, og valet vart enkelt. Ingen stillevogn på oss, nei.

 

I tryggingskontrollen på Gardermoen gjekk det sakte. Marte ytra seg frustrert om urutinerte folk som lagar kø ved å pakke ulovlege ting, medan Anette nikka einig, der ho sto og venta på å få bagen sin etter den tilfeldige kontrollen. Med eitt viste det seg at kontrollen slett ikkje var så tilfeldig. I bagen låg nemleg ei nyinnkjøpt saks, som det viste seg å vere rimeleg uaktuelt å få oss vidare på turen. Men på flyet kom vi oss da, sjølv om bagen til oppleggaren var ei saks lettare.

 

Julia gjorde store framsteg knytt til sitt store mål for helga, å ikkje bli sett på som junioren på laget. Ho spelte ein bra kamp, spesielt i forsvar, var ute i god tid til flyplassen og hadde heller ikkje med seg ei saks i tryggingskontrollen. Det var difor med styrkt sjølvkjensle at ho sette seg på flyet. Likevel skulle det vise seg at ein kommentar var nok til å ikkje berre la ho rykke tilbake til start, men også sørge for at ein god del hus og hotell enda i flammar. «Er du gamal nok til å sitje ved denne nødutgangen», var spørsmålet flyverten valde å stille ho. Helga til Julia vart brått rasert, medan hånlige lagvenninner umiddelbart kunne gjenoppta hetsinga. Takk til Norwegian for dette.

 

Vi kom heim frå Oslo med tre poeng, men minst like viktig, rike på opplevingar. No er det mi sterke von at flest mogleg andre idrettsutøvarar får høve til å reise, konkurrere og bygge fellesskap i laga igjen. Det er ekstremt viktig at spesielt ungdom får denne sjansen, dei har hatt to år nesten utan konkurransar og opplevingar med laga sine. Det er alvorleg. Det skuffar meg at Arbeidarpartiet, som gjorde seg så høge og mørke på idretten sine vegne i opposisjon i fjor, ikkje har prioritert at ungdom kan konkurrere innandørs igjen. Og at dei hundrevis av andre studentane i NTNUI Volleyball ikkje får høve til å trene som normalt i sine vande fellesskap. Kostnaden av dette kan bli høg for idretten og for samfunnet. Det bør vere ei klar forventing til regjeringa at unge og friske menneske igjen skal få ta del i gode idrettsopplevingar. Og det snarast råd.

 

Vegard Gjerde Buset
Trondheim, 14.januar 2021
Foto: NTNUI/Jonas Schwarzwalder

Mizunoliga women 21/22 – NTNUI vs. Koll –