Reisebrev fra H1 i Bergen

26/10/2016

To dagar har gått sidan den første rankingturneringa i sesongen 2016/17 vart spelt. Vi i NTNUI H1 har hatt to dagar på restituere og komme oss, og er no klare til å halde fram satsinga på ein god sesong. Men først vil vi fortelje om ei innhaldsrik og kjekk reise til Bergen, som til slutt ga oss ein fjerdeplass.

Mange meiner rankingturneringar er både travle og intensive. For å kome i skikkeleg rankingturneringmodus valde då fire av oss å kome til Værnes nøyaktig 24 minutt før take-off til Bergen. Med 16 minutt estimert kø i sikkerhetskontrollen og ein spelar som hadde gløymt å sjekke inn, var ikkje utgangspunktet for å rekke flyet det beste. Det hjelpte heller ikkje på tidsskjema at vi, som dei dedikerte og kunnskapshungrige realfagsstudentane vi er, tok oss tid til å få etterlengta fagleg input i sikkerhetskontrollen. Stoppet i sikkerhetskontrollen vart imidlertid utbyterik, og vi har no lært at livsfarlege væsker, som til dømes tannkrem, ikkje er det spor farlege lenger dersom dei ligg i ein pose. Men nok om det. Etter ein langspurt Henrik Ingebrigtsen ville ha misunt oss, kom vi fram til gaten, heiv oss om bort i flyet, og var klare for sesongstart.

I åttetida hadde dei fleste av oss kome fram til Bergen, men fire heldige «frivillege», fekk høve til å studere flyplassen på Gardermoen litt nærare. Etter eit par forseinkingar kom heldigvis også desse fram til Bergen, og oppladninga til kamp kunne byrje.

Gruppa vår var i mine augo den tøffaste. Vi, Blindheim og Spirit Lørenskog har alle starta serien med to sigre, og er sterke lag. Allereie i første kamp fekk vi merke at dette ikkje ville verte lett. Vi sleit lenge mot Blindheim, og spelte ein nokså rufsete kamp. Det heiter seg at det er av sine eigne ein skal ha det. Og på stillinga 9-8 i tie-breaket mot Blindheim valde Johan, som spelte for Blindheim i fjor, å dra fram tre brutale blokkpoeng på rad. Den luka ga vi aldri fra oss, og tok ein knepen slitesiger med 2-1.

I andre kamp møtte vi Wild Card-laget Molde, som fekk i brutalt møte med 1.divisjon i denne pulja. For oss vart dette ein enkel siger 2-0, og vi fekk maskineriet litt meir i gang. Så til siste puljekamp. Vi var allereie vidare til kvartfinale, det same var motstandar Sprit Lørenskog. Denne kampen har vi all grunn til å vere stolte av og nøgd med, for her spelte vi verkeleg bra! Vi hadde full kontroll frå start til slutt, og vann greitt 2-0. Puljesiger i dødens pulje var i boks, og som puljevinner fekk vi møte ein puljetoar i kvartfinala. Denne puljetoaren var Austrått, og for tredje kamp på rad vann vi kontrollert 2-0.

Laurdagen var altså ein perfekt gjennomført dag på ranking. Fire sigre, semifinaleplass i boks, mykje rullering på laget for å oppretthalde friskast mogleg bein. No var vi klare for den store finalen, det vi hadde sett fram mot heile helga. Nemleg å spele om medalje i rankingturneringa. Eller for Tutt sin del, frukosten på Montana. Der frukosten leverte varene, leverte også semifinalekampen mellom oss og Viking god volleyball og høgt nivå. Den kanskje mest publikumsvennlege kampen i turneringa, med stor spaning, bra spel og ein del publikum.

Men vi klarte altså ikkje å vinne kampen. Vi tok rett og slett ikkje nok poeng i blokk/forsvar-fasa, og spesielt den rutinerte diagonalspelaren Endre Synnevåg vart for lur for oss, gong på gong. Samstundes fann Viking mot slutten ut av korleis dei skulle ta unna for servepresset vårt, etter at vi hadde hatt god utteljing der i starten av kampen. Resultatet i tie-breaket vart 12-15, så det er klart at det var liten skilnad på dei to laga. Til neste gong skal vi få strukturert blokk/forsvarspelet meir, og få ei enda høgare utteljing i side-out. Da trur eg Viking skal få det tøft med å matche oss!

Men turneringa var ikkje slutt heilt enda. Sjølv om det verka som vi trudde det. Om lag halvveis ut i andresettet i bronsefinala mot KSK slutta vi å spele, og inviterte KSK inn i kampen igjen. Unødvendig, etter å ha hatt full kontroll fram til da. Redusert fokus, litt mindre presisjon og eit lågare servepress gjorde at KSK fekk utnytta den store høgda dei har i laget, og kom inn i flytsona. Flytsona kom vi aldri tilbake til, resten av kampen vart berre rot frå vår side. Eit frykteleg unødvendig tap, men samstundes ikkje noko vi tok altfor tungt. Det var kampen mot Viking som var den viktigaste kampen for oss, og lufta gjekk litt ut av ballongen då den vart tapt.

Etter bronsefinala hadde vi rolege sju timar til flyavgang. Dermed var tanken å få mest mogleg ut av Bergen, og la våre grøne jakker lyse opp bysentrum. Det klarte vi på ein god måte, med eit klart høgdepunkt då Arjan slo Tutt til blods på McDonalds. Ei episode som ikkje treng noko nærare skildring enn akkurat den setninga der. Resten får vere opp til fantasien til lesaren, men de treng ikkje tvile på at vi har hatt ei kjekk helg i Bergen.

Denne turneringa har for vår del fjerna einkvar tvil om at vi høyrer heime i toppen av 1.divisjon i år. Sjølv om det berre vart 4.plass, føler vi at vi er i rute til medalje, og at det ikkje er umogleg å kjempe om dei aller framste plasseringane. No rettast fokus mot heimekamp mot Blindheim 6.november. Vinn vi den kampen, vil vi sikre ei god seeding og eit herleg utgangspunkt, før turen går til to nye vestlandsperler, Førde og Ålesund, i månadsskiftet november/desember. Og stol på oss, NTNUI H1 vil slå fra seg også i resten av sesongen!

Men først, kom på cupkamp for damelaget neste søndag klokka 14. Motstandar er elitelaget Koll, men vi har tru på at cup»bomba» vil detonere i Dragvollhallen. Med eller utan tannkrem.