(REISEBREV) – H1 i Førde – og turen gjekk glatt!

03/02/2020

Vårsesongen 2020 er i gang. Og det er på ingen måte keisamt å reise landet rundt med H1. No kan du få lese om ein uvanleg innhaldsrik tur til Førde sist helg.

I januar var vi også i Bergen ein tur, utan å skrive eit eige reisebrev. Grunnen til dette er todelt. For det første var turen dit den minst vellykka turen til Vestlandet sidan KNM Helge Ingstad. For det andre er vestlandshovudstaden eit følsamt tema for mange. For mykje er sagt om Bergen. Noko av det er negativt. Resten er løgner, fortalt av dei innfødde. Sjølv føretrekk eg å skrive om mindre provoserande tema enn Bergen. Som til dømes openbare ting som at vindkraft er bra og at rasisme er dårleg.

Denne helga var det altså Førde som var destinasjonen. Denne forunderlege «by» som ingen kjem til utan at det skyldast volleyball, for å forenkle røynda noko. Turen sørover gjekk overraskande greitt. Vi kom oss over både Dovrefjell og Strynefjellet, og enda opp i nye Vestland fylke. Det beste ein kan seie om det fylkesnamnet er at det i alle fall ikkje er Viken. På vegen løyste vi sjølvsagt fleire verdsproblem. Og nokre litt mindre problem. Få vil vel vere overraska over kva standpunkt Ole frå Stange har i ulvesaka, til dømes.

Vel framme på hotellet var vi klare for å kvile etter ein lang køyretur. Så starta problema. Det viste seg at gangen på hotellet i Førde hadde same lengd som halve bysentrum. Eg er sikker på at Herman bruke lenger tid frå lobbyen til rommet enn han gjorde frå Stryn til Førde (Er du ikkje kjent med geografien i Sogn og Fjordane? Synd for deg. Eventuelt: Sjå Google Maps.). Men etter den lange gåturen kom vi endeleg fram til romma, enda meir slitne. Og Scandic Sunnfjord er eit bra hotell med bra standard. Tru det eller ei, dette har eg ikkje fått betalt for å skrive. Men Scandic Sunnfjord er ein stolt og god sponsor av Førde Volleyballklubb og dermed norsk volleyball, så all honnør til dei for det!

Laurdag var det kamp i Gaular. Vi spelte ein solid kamp, var i grunn aldri pressa, og vann 3-0. Hurra! At kampen gjekk såpass fort, gjorde at vi fekk til mykje anna den dagen. Fredrik ville utforske Førde sentrum. Han om det. Trygve og Knut demonstrerte at Stockholmsyndromet også kan oppstå på folkehøgskular, og dro opp til sin gamle folkehøgskule Sunnfjord. Når eg skriv at dei der var med på både allsang og religiøs sang er det ikkje fordommar, men sanninga. Faktisk heilt sant, som ein ofte skriv i desse dagar.

I bysentrum avla eg ein lokal sportsbutikk ei vitjing. No veit eg ikkje kva lesaren tenkjer om dette, men eg meiner det ikkje er urimeleg å anta at sportsbutikkar sel shortsar. Men nei da. Det hadde dei ikkje. Ikkje ein einaste ein. Men dei kunne bestille nye da. Så heilt bortreist var det ikkje. Dagen vart avslutta med eit særs tafatt måltid hjå Lets Meat i sentrum. Biffen Herman fekk var tynnare enn merittlista til Sylvi Listhaug som olje- og energiminister, og minst like mislukka. For dei som kjøpte andre matrettar varierte vurderingane frå «kva i alle dagar» til «tja, dette var greitt nok det». Konklusjonen vart at denne spisestaden truleg eignar seg betre for svoltne sunnfjordingar med høg promille og låge krav litt seinare på kvelden.

Søndag var det ny kamp, denne gongen i Naustdal. Det vart nok ein god kamp av oss, men denne gongen vann Førde med 1-3. Ikkje hurra. Men uansett var vi godt nøgd med bra spel, og tre poeng frå helga. Det var resultat eg ville teke før helga, når vi skulle opp mot eitt av topplaga i serien. Og så var det berre å sette seg i bilane og byrje på den korte køyreturen heim. Enkelt nok.

Men nei da. Det er no reisebrevet startar. Akkurat som på veg sørover, gjekk turen glatt. Men denne gongen med feil betydning av glatt.

Vi kom oss til Stryn utan problem. Strynefjellet var stengt, for tiande gong i vinter, så det var klart for ferjebonanza langs kyst-Noreg. Værmeldingane såg greie ut, så vi gjekk for nest raskaste veg, via Stranda. Det skulle vise seg å vere ei tabbe. Litt etter Hornindal skjedde det første trafikkuhellet. Ein trailer sklei av vegen, og vegen vart sperra. Den alltid like lokalkjente Johan kunne heldigvis ein omveg rundt. Eller, heldigvis var no så. Det viste seg at ein av bilane ikkje hadde firhjulstrekk. Ugunstig. Det var snø, glatt og motbakke. Også ugunstig. Sveinung manøvrerte bilen på utmerka vis opp nesten heile bakken. Så, vikeplikt. Veldig ugunstig. For bilen ville ikkje rikke seg av flekken opp bakken. Også ugunstig. Gode råd var dyre. Skulle reisa ende her?

Heldigvis er nordfjordingar eit blidt og imøtekomande folkeslag. Halve Nordjord vart rekvirert for å skyve bilen, og sakte men sikkert kom også den tohjulsdrivne bilen seg opp. Flaks. Vegen fram mot ferja vart prega av uventa snømengder og særs glatt føre. Utfordrande nok for dei firhjulsdrivne bilane. Direkte ekkelt i den siste bilen. Men ved hjelp av roleg og trygg køyring kom vi oss til Stranda.

Eit nytt fjell venta etter ferja. Med nød og neppe unngjekk vi å stoppe bilen på veg opp, og dermed kom vi oss over, med mykje tolmod. No var vi inne på E39, hovudvegen langs Vestlandet til Trondheim. Da måtte vel resten av turen bli plankekøyring, tenkjer du nok? Da tar du feil. Sjølvsagt. «Moroa» var ikkje over enno. På langt nær.

Turen fram til Molde gjekk rimeleg problemfritt. Trønderen Trygve argumentere for at det å vere i Molde er eit problem i seg sjølv, og eg må medgi at han har eit poeng. Like etter Molde var det klart for ei ny bilulukke, ny vegsperring, og ny omveg. Omvegen over Roaldset var nervepirrande. Ville bilen klare å kome seg opp, og å halde seg på vegen? Svaret var, ja, så vidt. Forseinkinga og det dårlege føret gjorde at vi kom midt i kveldspausa til ferja på Kanestraum-Halsa. Som den innvigde lesar veit, kan eg mykje om ferjene på denne strekninga. For den uinnvigde, held det å seie at det vart 45 minutt venting på ferjekaia. Og hurra for det!

Og problema var framleis ikkje over. Vi hadde knapt kryssa fjorden før det verste snøværet til no starta. Heldigvis var vegstandarden no betre og tryggare. Men langlysa på bil 2 var omtrent like dårlege som hoppserven til Simon, så her gjaldt det å ta det med ro. Eg trur aldri før nokon har vore så glade for å kome til Orkanger som vi var natt til måndag. Og da eg nøyaktig klokka 02.00 gjekk inn døra heime, over 12 timar etter at vi køyrte frå Naustdal, var eg letta og sliten om kvarandre.

Vi fekk ein litt for spanande heimtur på litt for dårlege vegar, nokre av oss med litt for dårleg bil også. Trafikkuhella langs ruta var mange. Heldigvis er vi eit klokt lag. Vi køyrde sakte og forsvarleg nok til å kome trygge fram. Det å ha respekt for glatte vintervegar er viktig. Veldig viktig.

Viktig er det også å ta med andre hendingar som skjedde på tur. Sveinung fylte 21 år måndag, og starta bursdagen med nedkøyring til Orkanger. Herman fylte 30 på laurdag. Han feira med den dårlegaste middagen han hatt på 30 år, etter eige utsagn. (Det er nesten 11 000 middagar det) Vår nye libero Vebjørn fekk sin debut i 1.divisjon. Han har også passert Fredrik i konkurransa(?) om å ha den mest tydelege austfoldsdialekta på laget. Stor idrett. Elles hadde Trygve sin siste kamp for oss før han drar på utveksling til Brisbane, der han skal studere enten industriell økonomi eller brannslukking, litt avhengig av korleis været utviklar seg framover. Varmare enn i Trondheim blir det uansett.

Og vi skal til Tromsø og kjempe om nye poeng. Dit skal vi heldigvis fly.

Hu og hei!


Vegard Buset
3.februar 2020
vegard.buset@ntnui.no