REISEBREV – H1 på Austlandet. Igjen.

18/11/2019

Er det nokon som veit korleis ein skrur av setevarmaren i baksetet på ein Toyota RAV4? Det har nemleg Eirik og Johan lurt på heilt sidan nokon ved eit uhell skrudde den på på Elverum søndag kveld. På dette tidspunktet var det nesten fem timar igjen av heimturen, som vart prega av gjentatt temperatur-misnøye frå baksetet. Så viss nokon veit det, ta gjerne kontakt med oss. Så veit vi det til neste gang, meiner eg. 

 Men H1 har altså vore på tur igjen. Reisemålet var like eksotisk som David Toska er lovlydig, Oslo. Formålet med reisa var å vinne volleyballkampar, eller som eg til stadigheit har gjentatt den siste veka: “Vi skal ned og banke austlendingar”. Denne valdsprega forma for reising kan minne om det som i USA er kjent som utanrikspolitikk. Og akkurat som for nemnte utanrikspolitikk, vart resultata berre delvis vellukka.

 Fredag kveld kom vi til Stange, eller “Norges Toscana” som Haakon skildra landskapet som. Og det var sikkert vakkert. Problemet var berre at det var mørkt og tåkete. Ein såg rett og slett ikkje noko som helst av naturen. Dermed har eg heller ikkje noko sakleg grunnlag for å rakke ned på naturen i området, og må difor angripe kulturen i staden. Som ein moderne David Livingstone kunne eg observere den lokale kulturen på nær avstand, gjennom kommunikasjon med dei innfødde. Spesielt sosiologisk interessant var det å sjå og høyre den store gleda Haakon og Ole uttrykte då vi støtte på rånarar. Da følte dei seg endeleg heime, og fekk vatn i munnen av å studere dei. 

 Mor til Ole hadde laga enorme mengder taco, og vi fekk både god mat og gode senger. Takk! Vi fekk også høve til å sjå TV, og i den samanheng har vi ei alvorleg sak å ta opp med TV 2. Det er urettvist at det er lov å vere 50 stykk på scena i Norske Talenter! I så fall bør det innførast ei ny vekting av røystene, som på ein eller anna måte er proporsjonal med kor mange som er på scena. Det er ei stor fare for konkurransen sin integritet og omdøme dersom deltakarane sitt kontaktnett skal vere meir avgjerande enn kva dei faktisk kan. Det er trass alt ikkje avtaleinngåing i næringslivet det er snakk om her. 

 Men nok om det. Vi var ikkje på austlandet for å bli provoserte. Vi var der for å spele volleyball. Saman med H-Elite tok vi plass på tribuna for å sjå D1 spele mot Skjetten. Ein 22 mann stor grøn bataljon stilte opp. Mangel på kreativitet, tolmod og rytme hemma kvaliteten på heiinga noko, men det viktigaste er å delta. Vi lærte også mykje av å sjå D1-kampen, og av deira feil. Til dømes klarte D1 det kunststykket å bli snytt for fire klare blokktouch på dei siste sju ballvekslingane. Urutinert. Juniortakter, som Skogen ville sagt.

 Meir om juniorar seinare. Først til vår kamp mot Spirit. Den var god. Eg plar normalt sett ikkje skrive mykje om kampane, men sidan denne ikkje vart sendt på nett kan eg gjere eit lite unntak. Vi forventa lite, motstandarane var tross alt monaleg høgare enn oss, og slo ein god del hardare. Spirit tok første sett 29-27, etter gjensidig godt spel. Vi slo tilbake med siger i det andre, 23-25. Den eine ballvekslinga i dette settet var så lang at Eirik og eg neppe får kvilepuls igjen før andre søndag i advent. Men vi vann ballvekslinga.

 Vi er som kjent unge og spreke, mange av oss med toppidrettstatus frå NTNU. Så vi var trygge på at vi skulle ta Spirit på kondisen. Men så, midt i det tredje settet, fann dei eit mottrekk mot denne strategien. Heimelaget gjorde ein rotasjonsfeil, som av uvisse grunnar førte til eit langt stopp i spelet. Eg skulle gjerne vore flue på veggen, eller kanskje heller installert spionprogram på datamaskina, når det vart arbeidd i Escoresheet for å kunne spele vidare. Kva som tok så lang tid veit eg ikkje, men plutseleg var Spirit med og kampen open igjen. 

 Spirit festa grepet om det fjerde settet, og fekk settball på 24-21. Nokre minutt seinare var stillinga 26-26 og Johan sto på serv. Unødvendig å si, hadde vi like etter vunne settet med 26-28, og dermed også kampen med 1-3. Ein overraskande siger, etter ein god kamp. Heilt klart ein av dei tre artigaste kampane eg har spelt i NTNUI. Gøy! Ta med at Fredrik nesten smasha hol i golvet og at Haakon spelte forsvar som om han konstant skulle hatt Sjur Godø jagande etter seg, så skjøner ein at dette var ein stilig kamp.

 Laurdag kveld fekk vi mat servert av faren til Fredrik. Sju kilo kalkun, ei trist historie om julenissar og ei stadfesting av Andreas sin juniorstatus var deler av utfallet frå middagen. Nemnte eg forresten at faren til Fredrik laga maten? Han tok den timeslange svippturen frå Sarpsborg, og demonstrerte at han er ein enda betre kokk enn sonen er reiseansvarleg. Vi er utruleg takksame og mette! Takksame er vi også for at vi fekk bu hjå tante og onkel til Fredrik i Oslo, og heime hjå mor og stefar til Eirik i Drøbak. For spesielt innvigde kan eg nemne at det denne gongen ikkje vart servert uskrella poteter i Drøbak, og at ein anonymisert kaptein pusta letta ut av den grunn.

 Søndag møtte vi OSI. Det gjekk ikkje så bra. Vi tapte 1-3. Ikkje ein av dei gøyaste kampane eg har spelt i NTNUI. Nokre observasjonar kan eg likevel ta med: Det er uvanleg stressande å ha skrive feil på oppstillingslappen. Det er utruleg at det inntil nyleg vart spelt cupfinale i ein hall med så dårleg takhøgde. Og det må altså to ferdigutdanna sivilingeniørar frå NTNU (og gamle H1-heltar) for å få til Escoresheet i hovudstaden. 

 Første pulje la av gårde mot Trondheim like etter kampslutt. Ein av dei som reiste, var Andreas. I iveren etter å byrje eksamenslesinga vart enkelte små detaljar nedprioritert. Mellom anna å ta med seg bagen sin. Det vart visst ei natt på hybelen på Tyholt utan dyne for Andreas, som dermed verkeleg stadfesta si rolle som lagets junior. 

 Andre pulje blei igjen i Domus for å sjå dei to andre kampane. D1 tapte mot OSI. Nedtur. Men H-Elite spelte særs bra, og slo OSI 3-1 i ein artig kamp. Mathias Strømmen var tilbake i eliteserien, men tok med seg servepresset frå 2.divisjon. Til neste kamp tilrår eg underarmsserv. Det kan funke betre. Stian Endresplass spelte veldig solid. Han forsøkte også å motbevise den kjente hypotesa om at romsdalingar ikkje er dei skarpaste knivane i skuffa, da han utførte ein nydeleg dipp mot tremannsblokk. Det var både klokt og vakkert. 

Eliteseriekampen hadde også ein andel dommarfeil og amper stemning. Fleire av desse kom diverre på avgjerande tidspunkt både i 2. og 3.sett, og gjekk mot begge lag i omtrent like stor grad. Spelarane reagerte sterkt, og eg kan i stor grad forstå dei. Eg trur ikkje eg har sett Kjell-Erik Kvamsdal så ilter sidan ein ung Martin Olimstad tøygde leggetida på TVN-sommarleiren 2012. Min generelle observasjon frå dei to siste åra er at det er fleire touch/antennefeil på Austlandet enn i Trøndelag. Dette seier meg for det første det eg har sagt fleire gongar, nivået på toppdommarane i Trøndelag er generelt høgt. For det andre seier det meg at ordninga med linjedommarfri toppvolleyball bør evaluerast grundig og ope. 

 Men no har eg vore sakleg lenge nok. La oss snakke om alder igjen. Så frå juniorar til gamlingar. På denne turen var Eirik den eldste! Tenk det. Veslebror Eirik. Lille-Herman. Eldst. 26 år har han blitt. Han sleit med å forstå det sjølv, og det gjer eg også. God var han likevel. Solid mottaksspel til tross for den høge alderen, det er imponerande. (Magnus var også med, men berre søndag. Av kunstnariske årsaker definerast han da ikkje som deltakar på turen.)

Men setevarmarar kan Eirik altså ikkje skru av. Så det tek meg tilbake til mitt første spørsmål. Er det nokon som veit korleis ein skrur av setevarmaren i baksetet på ein Toyota RAV4?

Haakon Haugerud i blokk mot OSI. Foto: Alexander Backløf Barve


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.