REISEBREV – H1 på tur

28/10/2019

NTNUI 2 er tilbake i 1.divisjon. Hurra! Vi har begynt sesongen litt under pari. Ikkje fullt så hurra. Her kjem årets første reiseskildring.

Destinasjonen var eksotiske Oslo. Bilturen sørover var prega av det austlandske terrenget. Dette terrenget er like montont som eit førstegradspolynom og har like mykje sjarm som boka til sjaman Durek. (Forklaring for dragvollingar: Alle førstegradspolynom er monotone. Det var ein mattevits. Haha.)

Men fram kom vi da. Første motstandar var eit av topplaga i årets 1.divisjon, Vestli. Det er eit lag etter mitt hjarte. Dei har grøne drakter, skriv nynorsk på Facebook og er kjent for høg tenning på kamp. Ja, og gode er dei også. Dei hadde også fått inn ein ny oppleggar det var noko kjent ved. Tutturen, heitte han visst.

Sidan dette er eit reisebrev og ikkje eit kampreferat skal eg seie minst mogleg om kampen. Det vart ein artig kamp der Vestli vann 3-1. Det vart som venta litt temperament under kampen, og dommarane framviste ei usedvanleg tolerant haldning og liberal tolking av sanksjonsreglementet. Av personvernomsyn går eg ikkje nærare innpå denne skribenten si eiga rolle i at det tidvis vart noko ampert.

Men Vestli vann altså. I alle fall kampen. Her må det med at Magnus Rodahl, 170 centimeter over bakken på ein middels god dag, brutalt singelblokka Ruben Løvli under eit sjeldant opphald som framspelar. Vårt unisone krav om at kampen umiddelbart skulle blåsast av fordi ingenting meir kunne oppnås vart diverre ikkje høyrt. Det får vere opp til lesaren å vurdere om dette var ei rett vurdering. Sjølv er eg i tvil.

Nær sagt som vanleg når vi er på Austlandet, fekk vi husly, senger og mat hjå snille foreldre. Vi er også denne gongen takksame ovanfor familiane Rodahl og Opdal for god mat, gode senger og hyggeleg vitjing gjennom helga. Takk!

Den eine doble sovesofaen var kanskje litt liten, men det løyste vi elegant ved å la Haakon og Johan sove der. Fire meter med midtspelarar var akkurat det som skulle til for å få skjerpa sansane. Som Haakon så fint demonstrerte då han under middag briljerte med kulinarisk ekspertise, og slo fast at dagens måltid besto av «kylling. Og grønsaker». Ivrige oppmuntringar og moderat hån var ikkje nok til å få Haakon til å gå i større detalj om akkurat kva grønsaker det var snakk om, men det er no ei anna sak.

Men vi var ikkje på Austlandet berre for å plage Haakon. Vi skulle spele volleyball også. Søndag var det Asker som var på andre sida av nettet. Dei var i likhet med oss nyopprykka. Begge lag gleda seg over å kunne spele volleyball igjen, så vi spelte heile fem sett. Til slutt var det vi som hadde tatt flest poeng, og vann 3-2. Det var kjekt å vinne ein kamp i 1.divisjon igjen!

Ulempa med å spele så lange kampar var sjølvsagt at vi sleit med å følgje med på NTNUI Volleyball sin Instagramkonto. Eit to timar langt opphald her gjorde at heile resten av dagen gjekk med til å ta igjen det tapte, og å få oversikt over meir eller mindre viktige hendingar som vart dokumentert der. Klok av skade har vi funne ut at vi til neste bortekamp må ha ei vaktordning, slik at nokon kontinuerleg held oss oppdatert.  Nyttig var det også for sosialemedier-ansvarleg Knut, som no med glede ser fram til at H1 skal følgje opp denne braksuksessen under si eiga «takeover»-veke om litt.

Med oss som oppleggar i helga hadde vi også Elias, av balansemessige årsakar. Eg sleit med balansen på trening for ei vekes tid sidan, og har i etterkant utvikla ein ubalansert stor venstre ankel. Herman sleit med å balansere timeplanen, då han skulle vere trenar på Dragvoll samtidig. Medan Benjamin var på slektstreff og Oktoberfest i Tyskland. Det kan som kjent også gi problem med balansen.

Vi i bil 2 såg med lite glede på heimturen gjennom dei trøytte austlandsskogane. Knut såg med gru på reisebrevet han måtte skrive, og delegerte dette raskt bort til den første sunnmøringen med skrivekløe og forstua ankel han såg. Tabbe. Simon fekk ansvar som kartlesar. Tabbe nummer to. Knut tenkte ikkje så nøye på å sjekke bensinmålaren. Tabbe nummer tre. Vi tok matstopp FØR biluhellet som etter kvart blokkerte europavegen, og vart ståande i kø. Tabbe nummer –  ja du skjønar teikninga no.

Heldigvis oppdaga Knut at bensintanken var i ferd med å bli like tom som DataVolley-filene frå bortekampane i helga, akkurat i tide. Det vil seie, 10 kilometer frå Shell Bolleland på Espa. Med 42 liter bensin og rundt 30 bollar tyngre last køyrte vi så vidare nordover. Flaks. Så køyrte vi feil. På Rena. På den mest keisame vegen i Noreg. Trudde vi. For det viste seg plutseleg at vegen gjennom Aust-Austerdalen, trass i fartsdumpar og manglande gatelys, var raskare enn riksveg 3. Så da satt vi der da, og hadde tatt igjen den tapte tida. Med sjokoladebollar og skadefryd ovanfor dei som hadde hetsa oss for det ufrivillege vegvalet. Det er ein kombinasjon eg kan tilrå.

Det er alltid spanande å ha med seg nye spelarar på tur, og høyre kva dei tenkjer om gruppedynamikken. Elias sine observasjonar var talande: «Eg synest Haakon får gjennomgå veldig mykje til å vere spelande kaptein». Og det har han rett i. Kombinasjonen av ei fortid som midtspelar, ei nøkkelrolle i laget og ytterst avgrensa kunnskapar om ingrediensar i kyllingsupper gjorde at Haakon fekk høyre det i helga. Men her vil eg, typisk nok, sitere frå Bibelen.

 «Akt ikke Herrens tukt ringe, og bli ikke motløs når du refses av ham; for den Herren elsker, den tukter han, og han hudstryker hver sønn som han tar sig av.» Eller, i ei meir moderne språkdrakt, vil eg gå til Einar Førde si kloke analyse: «I einskilde lommer i den vestlandske samverskulturen er mobbing ein berebjelke. (…) Det er ein kunst som blir utført med kjeften.».

Når reisebrevet har vorte så svulstig at bibelsitat er med, er det på tide å avslutte det, heiter det på ein hugselapp over pulten min. (Eller gjer det det?) Så det skal eg gjere. H1 hadde det kjekt saman, og har allereie klart å byggje ein lagkultur der ein kan gjere venskapleg narr av kvarandre. Det er sunt, bra og bodskapen i dei to førre avsnitta. Vi vann også ein kamp i helga, og er med det på åttandeplass i 1.divisjon. Det er ikkje i tråd med ambisjonane, vi har lyst opp og fram!

Volleyball er gøy, plar ein klok mann frå Namsos seie kvar gong vi spelar kamp. Ja, svarar eg. Men det er enda artigare med volleyball når ein vinn. Og det har vi planar om å gjere framover.


Vegard Buset
28.oktober 2019
vegard.buset@ntnui.no

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.