(REISEBREV) Sluttspel Elite 2019

05/03/2019

Altfor tidleg fredag morgon sto elitelaget klar ved gaten på Værnes, klar for kvartfinala i sluttspelet. Premisset var enkelt, fire lag skulle spele om ein plass i semifinala. Alle skulle spele mot alle, og det laget som tok flest poeng ville sikre seg semifinaleplassen. Vi rekna dei fire laga som nokså jamne, men med Koll som ein liten favoritt.

Dette var ei helg vi hadde sett fram til lenge, og hadde eit sterkt ønske om å prestere godt i. Kjekt var det difor å sjå at reiseansvarleg Mona hadde prikka inn toppforma, og sørga for kortest mogleg avstand mellom gatane ved mellomlandinga i Oslo. Prikka inn toppforma hadde også vestlandsveret. Etter ei veke med sludd og snø i Trondheim var gleda stor då Stavanger møtte oss med sol og eit tosifra antal varmegrader på fredag.

Det vart tid til ein snartur innom vestlandsperla Solastranden i finveret, men det vart fort konstatert at det framleis var noko tidleg for å finne fram sandsokkar, solbriller og djupe fingerslag. Så fingerslaga var framleis innafor regelverket i det vi inntok Randaberghallen for første kamp. Motstandar var heimelaget, som gjekk inn i turneringa med toppseeding og høg sjølvtillit. Vi gjorde nokre korrigeringar i forsvarsspelet vårt, og lukkast godt med det. Diverre lukkast vi ikkje like godt ved nettet, og tapte kampen der. Randaberg vann 3-0, og semifinaledraumen vår var knust allereie på den første kvelden.

NTNUI – Randaberg 0-3 (24-26, 21-25, 20-25)
Koll – Viking 3-0 (25-23, 25-11, 25-18)

Fokus vart raskt retta mot dei to siste kampane, mot Koll og Viking. Målet var å vinne mest mogleg, og å skape gode opplevingar. Heldigvis var vi på Vestlandet, sjølve episenteret for gode opplevingar. Laurdag før kamp utnytta den halvdelen av troppen som var innkvartert hjå familien Rugland til å gå tur til sjøen gjennom kupert terreng, skogsstiar og glatte svaberg. «God stabilitetstrening for anklane», meldte ei optimistisk Lise Berit. «Ugunstig for oss som nyleg har tråkka over», var konklusjonen frå ei noko meir skeptisk Marte. Men sjølukta gjorde utvilsamt godt for oss. For som ein seier, og tydelegvis meiner i fullt alvor, i Trøndelag: «Finast parfymen e lukta av olje og sjø»

Ferdig parfymerte dro vi igjen til Randaberghallen, for å møte Koll. Vi hadde enno ikkje slått Koll, og var veldig lystne på å få det til på siste forsøk. Men det starta ikkje bra. Etter at Koll vann førstesettet, starta dei også andresettet med å leie rolege 11-0. Heldigvis klarte vi å kome i gang igjen då Bratlie var ferdig med si mildt sagt imponerande serverekke, og avgrensa tapet til 15-25. Vi var klare for tredjesettet. Og da slo vi verkeleg tilbake. Koll rota kraftig mykje, samtidig som det endeleg losna for oss i angrep. Og når vi defensivt framleis var solide, lukkast vi med å vinne heile 25-12. Eg lar Mona oppsummere andre- og tredjesettet: «Det var ei pissekonkurranse. Heldigvis pissa vi meir på dei enn dei på oss.»

I fjerdesettet fekk vi heldigvis god volleyball, i det som truleg var det beste settet som vart spelt i turneringa i helga. Det var jamt, det svinga litt, og det var mykje god volleyball på begge sider.  På 22-23 gjekk Mona på serv for oss. Historisk empiri gir grunn til ein forsiktig skepsis når midtspelarar skal serve på kritiske tidspunkt. Det viste det seg å ikkje vere grunn til her. Mona serva nemleg ikkje berre ein gong, men heilt til settet var slutt, og vi hadde vunne 25-23. Igjen skal ho få lov til å nøkternt oppsummere sjølv: «Eg trudde faktisk det var ein ball igjen, og byrja å bli nervøs for serven. Så eg vart gledeleg overraska da eg oppdaga at alle gjekk av bana.»

Tie-breaket gjekk diverre ikkje vegen, og Koll vann med 15-9. Dermed vann dei også kampen med 3-2. Men vi hadde lukkast, etter å ha opna turneringa med fem svake sett, med å heve oss i dei tre neste, og vi følte på progresjon før kampen mot Viking. Og, som det seinare skulle vise seg, var vi det einaste laget som var i nærleiken av å slå Koll denne helga.

Randaberg – Viking 0-3 (21-25, 14-25, 22-25)
NTNUI – Koll 2-3 (18-25, 15-25, 25-12, 25-23, 9-15)

Laurdag kveld kom med ein ny opptur for min eigen del. Eg hadde frykta at å dra på tur som trenar for eit damelag denne helga ville føre til obligatorisk fellesvisning av Melodi Grand Prix, men den frykten viste seg heldigvis å vere uberettiga. Letta, og med ein fordom mindre, kunne eg sove kvelden før kampen mot Viking. Vår siste kamp saman.

I potten låg ein femteplass. Viking var som vanleg trena av doktor ridder (av NTNUI) Thomas Wold. Og denne kampen vil eg skildre som ein nær perfekt avslutningskamp. Om ein ser bort frå ei serverekke på seks ballar mot i førstesettet, leverte vi ein god kamp. Førstesettet vann vi med 29-27, etter ei imponerande trygg og roleg avslutning. Det ga Viking ein liten (stor) knekk, og andresettet enda med heile 25-12. I sistesettet var bergensarane meir med, men likevel var det vi som var sterkast, og vann med 25-21.

Randaberg – Koll 0-3 (21-25, 11-25, 19-25)
NTNUI – Viking 3-0 (29-27, 25-12, 25-21)

Dermed enda vi som nummer to i turneringa, og sikra oss femteplassen i eliteserien, på plassen foran Viking. Randaberg, som vi tapte mot på fredag, hadde ei skuffande helg og blei nummer 7. Koll derimot, tok vare på favorittstempelet vi ga dei, og skal no møte Førde i semifinala. Det kan faktisk verte jamt!

For oss var det veldig deilig å avslutte med ein så god kamp. Vi lukkast i alle spelfaser, og fekk vist fram den veldige progresjonen vi har hatt sidan august. Femteplass er ein plass unna målsetjinga, men kjennast greitt. Femteplass er det vi har fortent, verken meir eller mindre. Vi har vunne alle kampane mot Viking og Lierne, og ikkje klart å slå dei fire øverste laga på tabellen. Randaberg har vi både slått og tapt mot, men heldigvis var vi sterkast da det gjaldt, og klarte å ende over dei på tabellen. Konklusjon? Femteplass er sikkert bra.

Turen og besøket i Stavanger vart avslutta med middag og faktisk også fastelavensbollar. Vi er utruleg takksame for å to helger på rad ha fått budd hjå Maria og Lise. Det har vore ei fantastisk oppvartning med flotte måltid, og flott støtte frå tribuna. Verkeleg stor skilnad på dette og den normale studentkvardagen!

Turen heim gjekk smertefritt, og vart eit fint punktum for ein artig sesong. For andre år på rad har NTNUI klart å ende på femteplass i eliteserien. Det er vi stolte av, og glade for. No rettast fokus mot sandvolleyball, eksamenar og sommarferie, før blikket igjen kan snuast mot å gjenskape eller forbetre desse prestasjonane til komande sesong.

Som vanleg i ein studentklubb vil det verte med ein del utskiftingar. Fleire har spelt sin siste kamp for klubben i helga. Spesielt er det verd å nemne Ingvil, som har vore med på topplaget i 11 år. Ho flytta i dag til ein ny by og ein ny jobb, og er med det ferdig i NTNUI. Ho har vore med og bidrege i mange år, og har vore ein viktig del av laget i lang tid. Fleire andre er også ferdig i klubben, og har også bidrege sterkt i den tida dei har vore med. Det har vore eit kjekt lag å arbeide med, med spelarar og personar som har vore veldig ulike, men fungert godt saman som ei gruppe.

Og som eit Lag.

Hu og hei!

Vegard Buset – hovudtrenar