Sandvolleyballturnering i Dødens Dal

19/05/2018

Seks lag, mykje sol, og 13 sandvolleyballkampar!

Laurdag 19.mai var det klart for regional turnering i Dødens Dal. Seks herrelag hadde meldt seg på, og var klare for å kjempe om sigeren. Førsteseeda var Fredrik Nevjen og Elias Vølstad Bogen, eit oppleggardominert lag. Dei skulle likevel få problem allereie i første kamp, då dei tapte 1-2 mot Jon Magnus Moen og Vegard Buset. Dette skulle vise seg å verte den avgjerande kampen i pulje A, ei pulje der alle kampane enda med tiebreak! Men til slutt vann Moen/Buset pulja framfor Nevjen/Bogen.

I pulje B var Hans Teigen og Magnus Rodahl toppseeda. Etter å ha tapt det aller første settet i turneringa, slo dei sterkt tilbake og vann gruppa med grei margin framfor Sven Nygaard/Ambjørn Bang. For sistnevnte var det så klart for eit prestisjefylt H2B-oppgjer i kvartfinala, der dei vann greitt mot Simon Larsen/Andreas Talberg. Larsen/Talberg var tydeleg slitne, og spelte sin tredje kamp på rad, så kvartfinala vart tung for dei.

Nevjen/Bogen vann også sin kvartfinale og gjekk til semi mot Teigen/Rodahl. Ein jamn og spanande kamp, der Teigen/Rodahl fekk ei 20-16-leiing i første sett. Men så gjekk Elias Bogen på serv, og utnytta motvinden som berre ein vestlending kan. 22-20 til Nevjen/Bogen, og ein sterk snuoperasjon! Andresettet ga meir av det same, og enda 21-17 til Nevjen/Bogen, som dermed hadde kome seg til finala etter ein del om og men. Finalemotstandar vart Moen/Buset, som vann greitt 2-0 i semifinala mot Nygaard/Bang.

Og finala var særs jamn. Det var ein langt meir velspelt kamp enn morgonkampen, og igjen vann Nevjen/Bogen det jamne førstesettet, denne gongen med 26-24. Men sunnmørslaget slo tilbake, og tok andresettet med 21-18. Tiebreaket starta med eit forsprang til Moen/Buset. Men så, på stillinga 9-5, får Fredrik Nevjen krampe, etter å ha hoppa mykje gjennom snart fem kampar. Etter dette vert ikkje kampen særleg spanande, og Moen/Buset vinn med trygg margin, og sikrar seg ein turneringssiger etter å ha vunne alle kampane.

Teigen/Rodahl vann bronsefinala 2-1 og sikra seg tredjeplassen. Kjekt var det også Kristian Davidsen og Christian Øyås frå Melhus deltok. Det unge gutelaget verka å ha det kjekt, og lærte ein del nytt om sandvolleyball gjennom dagen. Region Trøndelag treng fleire ivrige juniorar som dei!

Alt i alt vil eg seie det var ein vellukka turneringsdag. Ein fekk ein heil dag ute i sola for å leike med ball, og kunne ta fri frå eksamenslesinga med god samvit. Det vert ikkje mykje betre! Ikkje i sanda i alle fall.

Skrive av:
Den alltid like ydmyke Vegard Buset