Sponsor

Vil di bedrift vere med NTNUI Volleyball som sponsor? Kontakt oss på volleyball-sponsor@ntnui.no.

Ei samarbeidsavtale med NTNUI Volleyball har fleire positive sider:
* Bedrifta får profilert seg for ei stor gruppe sivilingeniørstudentar og framtidige arbeidssøkarar.
* Bedrifta støtter opp om idrettsglede og aktivitet for ei stor gruppe studentar.
* Bedrifta blir assosiert med det største idrettslaget i Noreg, det viktigaste symbolet for frivillighet i studentidretten.

Vi tilbyr tre standard sponsorpakkar. I tillegg er vi opne for å inngå spesialtilpassa avtaler dersom di bedrift har eigne ønsker. Vår synleghet i sosiale media og på nett er også i kontinuerleg utvikling, så det vil etter kvart hende anna profilering enn den som oppgis her vert enda meir hensiktsmessig.

Sponsorpakke ORDINÆR (10 000,- årleg)
* Bedriftslogo på treningstøy for eitt av eliteserielaga
* Logo i kampprogram på heimekampar for begge eliteserielaga
* Logo på nettstad ntnuivolleyball.no

Sponorpakke SØLV (25 000,- årleg)
* Bedriftslogo på treningstøy for begge eliteserielaga
* Logo i kampprogram på heimekampar for begge eliteserielaga
* Logo på nettstad ntnuivolleyball.no
* Logo på internettoverføring av heimekampar på alle Amedia-aviser
* To sesongkort i eliteserien til fri bruk

Sponsorpakke GULL (50 000,- årleg)
* Bedriftslogo på treningstøy for begge eliteserielaga
* Logo i kampprogram på heimekampar for begge eliteserielaga
* Logo på nettstad ntnuivolleyball.no
* Logo på internettoverføring av heimekampar på alle Amedia-aviser
* Fem sesongkort i eliteserien til fri bruk
* Bedriftslogo promoterast på nettavisen.no saman med kampannonse før kvar heimekamp
* Det lagast nettsakar om samarbeidet på nettstad og Facebookside (2200 følgjarar)
* To spelarar stiller opp på opptil tre bedriftsarrangement i løpet av sesongen

Meir om NTNUI Volleyball

Volleyball er ein sport i vekst nasjonalt. Noreg er best i verda i sandvolleyball, og innandørs har sjåartala til eliteserien aldri vore høgare. Alle kampane sendast på Amedia sine nettaviser. NTNUI Volleyball er den framste volleyballgruppa i Trondheim, og frå hausten det einaste trønderske volleyballaget i nasjonale seriar. Klubben har frå hausten av eliteserielag både for kvinner og menn. Vi spelar alle våre heimekampar på Dragvoll.

I ei periode der trøndersk volleyball slit, er NTNUI regionen sitt ansikt utad i resten av volleyball-Noreg. Våre lag deltek på kampar frå Tromsø i nord til Stavanger i sør, og frå Volda i vest til Askim i aust. Vi er glade for å klare og lokke volleyballglad ungdom frå heile landet til Trondheim, der våre medlemmar kombinerar volleyballspel med studiar på NTNU. Deltaking i eliteserien er dyrt, og pr. i dag har alle våre studentar på elitenivå eigenandelar på mellom 5000 og 10 000 i året, som vi håper å kunne redusere gjennom gode og gjensidige samarbeidsavtalar.