Stian og NTNUI klar for å møte dei beste i landet

02/11/2019

Stian Endresplass snakkar om kampen mot Viking, sesongen til no, og korleis studentlivet som moldensar i Trondheim. Foto: NTNUI // Nils Dittrich

Det er sjeldan lett å vere moldensar i Trondheim, og den siste veka har nok vore ekstra utfordrande for Stian Endresplass (20). Frå tilskodarplass på Lerkendal fekk han sjå Molde få juling av ein uvanleg svak Rosenborg-årgang.

Heldigvis for Stian finst det andre sportar. Ein av dei er volleyball, og der er han blitt ein nøkkelspelar for det dominerande laget i Trøndelag. Som sivilingeniørstudent i petroleumsteknologi og kantspelar i Mizunoligaen har han ein spanande kvardag i Trondheim. – Det er hektisk, vedgår Stian. – Å hevde seg i eliteserien vil kreve arbeid, så det kan vere vanskeleg å få dagane til å gå opp.

Skulen tek også ein mykje større del av kvardagen enn han gjorde då Stian var elev ved ToppVolley i Rogaland. – I NTNUI er det meir fokus på skule, og ein finn også på andre ting som ikkje er relaterte til volleyball. Det er likevel eit sterkt fellesskap internt i klubben, også på tvers av lag, meiner Stian.

Fellesskap var det også på TVN. To av dei Stian gjekk i klasse med der, var Kristian Røv og Andreas Sletvold, som begge spelar for Førde i dag. På spørsmål om kven Stian har mest lyst til å vinne mot i løpet av sesongen, nøler han ikkje med å svare Førde, og å grunngje dette med at dei to kompisane spelar der.

Første sjanse til siger mot Førde vart misbrukt i serieopninga, med tap 1-3. Same siffer vart det også mot Tromsø, så NTNUI har framleis null poeng. – Det er heilt klart litt synd. Vi har ikkje prestert på vårt beste i desse kampane, og da er det keisamt med null poeng når kampane er så jamne, reflekterar Stian. – Eg fryktar vi vil måtte kjempe for å unngå nedrykk i år, og da er vi heilt nøydd til å ta poeng i slike jamne kampar.

No i helga er det imidlertid få som trur det blir jamt. Motstandar Viking har dominert norsk volleyball i ei årrekke, og har ikkje tapt så langt i årets sesong. – Dei er nok det beste laget i Noreg, innrømmer Stian. – Dei har ein stor tropp med mange rutinerte spelarar. Helland-Hansen, Bjelland og Hylland har herja i Mizunoligaen i mange år, og i år også. Når dei i tillegg har eit bra rekrutteringssystem, så blir dei ein veldig god klubb.

Stian er ikkje den einaste moldensaren på laget. Her er han saman med Sigurd Bjerkeland (21).
Foto: NTNUI // Vegard Buset

Oppgåva til NTNUI vert ikkje lettare av at Arjan Festøy framleis er skada. Den spretne sunnmøringen har ikkje blitt betre av akillesskada si, og er uaktuell både til serie- og cupkampen mot Viking. – Vi er svekka og Viking er gode, så det blir ikkje lett, seier Stian Endresplass. Heilt umogleg er det likevel ikkje å vinne. Under oppkøyringsturneringa i Volda, vann NTNUI overraskande 2-1 mot bergenslaget. – Vi er topp motiverte og har lyst på vår første siger. Vi veit også at det er mogleg å slå dei med vårt maksimale spel, seier Stian, denne gongen hakket meir offensivt.

Stian har også slitt med ei kneskade. Kamppausa sidan sist kamp mot Trondheim Ballklubb i cupen skal ha hjelpt på, så kantspelaren er klar for å hoppe hardt og høgt igjen på søndag. Kanskje kan dette vere kampen der han når sitt personlege mål for sesongen også? Så eg spør om kva dette målet er. Etter å ha tenkt seg litt om svarer Stian at han har som mål å bli toppscorar i minst ein kamp. Og med Arjan Festøy ute, verkar jo denne oppgåva noko meir overkommeleg.

Etter Vikingkampen venter altså ein ny kamp mot Viking. Laga har trekt kvarandre i kvartfinala i cupen, og kampen spelast i Bergen neste laurdag. – Det var heilt klart ei uheldig trekning for oss, å få det beste laget i Noreg på bortebane, konstaterer Stian. Som likevel står ved ambisjonen om å kome til minst ei semifinale i cupen denne hausten.

Avslutningsvis spør eg Stian om korleis det eigentleg er, det å vere moldensar i Trondheim. Han kan fortelje om at sterke kjensler knytt til fotball har gjort rivaliseringa mellom dei to byane sterk, også for han. Men “heldigvis”, seier han, er det på eit studentlag spelarar frå heile Noreg, og ikkje berre Trøndelag. – Så eg held ut! Enn så lenge, avsluttar han.

Kampen heime mot Viking spelast søndag 12.00. Etter den er det 1.divisjon damer mot BSI klokka 14.00, og Mizunoliga damer, også det mot Viking, 16.00.


Vegard Buset
2.november 2019
vegard.buset@ntnui.no


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.