Vinteren for H1

01/03/2017

Vinteren 2016/17 for H1

Gjennom dei siste tre månadene har vi spelt i alt fem seriekampar. Alt i alt må nok resultata for
desse kampane seiast å ha vore noko skuffande, ettersom vi 1.desember var serieleiarar i 1.divisjon,
noko vi langt ifrå er no. Likevel ser dette ut til å verte ein god sesong for NTNUI H1. Med siger i
rankingturneringa i Førde nådde vi eitt av dei to hovudmåla for sesongen. Det andre hovudmålet,
medalje i 1.divisjon, er framleis realistisk og noko vi er i rute til.

Desember starta med bortekamp mot Blindheim. Etter tre nokså rare og ustabile sett var stillinga 2-
1 til Blindheim. I dei to siste setta heva begge lag seg, men det var heimelaget som hadde dei
nødvendige marginane mot slutten, og vann 15-13 i tie-break. Vårt første serietap for sesongen, men
diverre ikkje det siste. For rett over jul hadde vi heimekamp mot den nye serieleiaren, Stod.
Førstesettet gjekk til nordtrøndarane, og då vi misbrukte to settballar i andre sett tapte vi også det.
Tredjesettet er definitivt det mest merkelege settet eg har sett i år. Vi leia med heile ni poeng, då ein
totalkollaps inntraff. Stod snudde settet og vann 3-0. Ein særs svak kamp av oss, og vi byrja å innsjå
at Stod nok ville vinne serieavdelinga.

Men vi var framleis offensive med tanke på andreplassen. Heimekampen mot Viking i starten av
februar var tenkt å skulle gje oss initiativet med tanke på ein andreplass, men nok ein gong klarte vi
å rote det til for oss sjølve. Etter å ha vunne førstesettet overlegent, sette vi omtrent verdsrekord i
personlege feil i andresettet, og inviterte Viking tilbake i kampen. I tredjesettet var vi tilbake der vi
var i første, og hadde ingen problem med å ta leiinga 2-1. I fjerdesettet slutta vi plutseleg å plukke
poeng på eigen serv, og fekk heller ikkje inn så mange serveess på Viking. Det enda med at dei vann
settet, og det var på ny klart for tie-break. Og i tie-breaket klarte vi rett og slett ikkje spele like
sterkt som Viking, som no hadde fått blod på tann. Kampen enda med tap 2-3, og andreplassen
verka tapt til Blindheim.

Heldigvis var det berre ei veke til vi fekk sjansen til å plukke nye poeng. Borte mot Blussuvoll
gjennomførte vi ein solid kamp, og vann kontrollert 3-0. Viktige poeng å ta med seg inn i
heimekampen mot Førde, ein kamp vi nærmast måtte vinne for å halde Førde og Viking bak oss.
Det starta ikkje bra. På rekordtid tapte vi førstesettet 15-25, og frykta for eit nytt tap var til stades.
Men det var også trua på ein siger. Godt spel gjorde at kampen vart snudd, og at det enda ein gong
skulle spelast tie-break. Der var det vi som var sterkast, og vann med 15-12. Ein viktig siger å ta
med seg inn i sesongavslutninga.

Veien videre

Fokuset for grunnserien må no verte å sikre tredjeplassen. Då må vi vinne tre av våre siste fire
kampar. Andreplassen er ute av rekkevidde, med mindre vi vinn alt, samstundes som Blindheim
snublar mot enten Viking eller Blussuvoll. Det er lite sannsynleg. Målet er like fullt å vinne alle
våre gjenverande kampar, og å ta med seg flest mogleg poeng inn i den siste rankingturneringa. Dei
to neste vekene vert avgjerande i så måte, når dei tre siste bortekampane skal spelast. Laurdag går
turen til Steinkjer, der vi har veldig lyst å verte det første laget som slår Stod borte denne sesongen.
Neste helg reiser vi til Førde, der Sunnfjord og Førde står på andre sida av nettet. Før grunnserien
avsluttast heime mot Blussuvoll 26.mars.

Og etter det, så går turen til rankingturneringa i Askim. Og der er vi ekstremt klare for å levere nok
ei solid rankingturnering, og få ei verdig avslutning på sesongen 2016/17 for NTNUI H1. Aller helst
vil vi avslutte sesongen med å motta medaljar for vår sluttplassering. Men skal vi få til det, må vi
vinne mange kampar og trene godt resten av sesongen. Spanande og morosamt vert det uansett.